Internt referansenummer: B-28.06.2013
Kilde:
LENSMENNER I ROGALAND
Av: Torkell Mauland
IV JÆREN
PRENTA I STAVANGER AFTENBLAD
1926

 

Rasmus Njellsson Utsola (Lensmenner i Rogaland)

(SOLA SKIPREIDA)

Rasmus Njellson Utsola var lensmann 27. november 1662, 12. januar 1663 og seinare truleg til 1689.

Han var 1662 eigar av 17 spann i Skjelbreid. Meir er der ikkje skrive, endå det gjeld kann henda den rikaste lensmannen som me hev havt på Jæren. I signetet hans stod «Rasmus Nilsson», og me veit no at han var son til ein velstands-mann Gand-bygdi, Njell Skei. Han var bror til Olav Eikeland, lensmann Gand. Kona hans heitte Margit Eiriksdotter, ho var syster til lens-mann Jon Eiriksson Hobberstad, Tjerand Haugland og Olav Braut. Skiftet etter honom vart halde 2. oktober 1690.

Born:
1. Knut — budde på Rott, men skulde heim og taka garden på Utsola.
2. Niels — var den einaste som var ugift; han kom seinare til Rott.
3. Birgit, gift til Gimra.
4. Kari, gift til Øksnavad.

Kona hadde ei dotter etter fyrste mannen: Odlou Hove.

Til enkjo vart utteke 4 kyr og 1 kyrlag smale. Knut skulde føda dette og gjeva henne nytt i staden um eitkvart dauda, dertil kvart år 2 gode verer, eit svin, 1/2 slagtenaut med salt som til-trongst, 3 pund reinkorn, 1/2 tunna rug og 12 rd. i pengar. Når ho døydde, skulde Knut syrgja fyr at ho vart jorda so heiderslegt som då mannen vart jorda, og skulde det då vera att noko av det som til henne var utteke, so skulde det skiftast millom alle borni.

Enkjo vart gravlagd 20. april 1692; 60 år gaman.

(Um ætti til denne lensmannen sjå elles R A. Håland: Jæderslegter, Rogalands Historielags årshefte for 1921, s. 22-29. Det heiter der at han var gift med enkja etter lensmannen Torgeir Rasmusson Utsola. Men etter det som er fortalt hu ovanfyre, skal Torgeir Rasmusson ha butt på Sola, ikkje på Utsola. Det kannhen’da at Rasmus Njellsson og hev butt på Sola ei tid, og at han er den Rasmus Sola som var lensmann 1661. — A. S.).

 

Til Sola skipreida vart rekna 1661:

1.     Sola (Kyrkje-Sola), 6 pund korn; Håland nr. 14.

2.     Ølbør, 4 p. 3 vætter k.; Håland nr. 20.

3.     Utsola, 3 p. k.; Håland nr. 16.

4.     Tjora, 9 1/2 p. k.; Håland nr. 10.

5.     Nordre Kolnes, 5 p. 1 v. k.; Håland nr. 11.

6.     Søre Kolnes, 5 p. k.; Håland nr. 13.

7.     Sveinsvoll, 4 1/2 p. k.; Klepp nr. 49,

8.     Heigre, 4 p. k.; Høyland nr. 54.

9.     Byberg, 4 p. 1 v. k.; Håland nr. 25.

10.   Sømme, 6 p. 1 v. k.; Håland nr. 15. Herunder Fylevoll (?), 1 v.
        k. (øyde); no Fuglavik, Håland nr. 15,6?

11.    Tjelta, 3 p.3 v. k.; Håland nr. 28.

12.     Håland, 4 p. k.; Håland nr. 21.

13.     Myklabust, 6 p. k.; Håland nr. 3.

14.     Jaasund, 3 p. k.; Håland nr. 1. Herunder Meland (øyde), 1 v. k.; Håland nr. 2.

15.    Rekje, 3 1/2 p. 1/2: v. k.; Håland nr. 17.

16.    Meling, 3 p. k.; Håland nr. 5.

17.    Haga, 6 1/2 p. k.; Håland nr. 6.

18.    Dysjaland, 2 p. 1 v. k.; Håland nr. 27.

19.    Store Risa, 2 p. 3 v. k.; Håland nr. 7.

20.    Helland, 2 p. k.; Håland nr. 24.

21.    Rott, 2 1/2 p. k.; Håland nr. 12.

22.    Gimra, 2 p. k.; Håland nr. 29.

23.    Hugstad, 1 1/2 p. k.; Håland nr. 9.

24.    Vigdel, 1 1/2 p. k.; Håland nr. 22.

25.    Hellestø, 7 p. k.; Håland nr. 23.

26.    Meland (store), 1 p. k.; Håland nr 4.

27.    Litlaland, 3 1/2 v., k.; Håland nr. 19.

28.    Klingshei, 1/2 p. k.; Håland nr. 18.

29.    Harvaland, 1 v. 2 spann k.; Hå-land nr. 26.

30.    Litle Risa, 1 v. k.; Håland nr. 8.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.