Internt referansenummer: 16.02.2012 – BOK

Kilde:
GAMALT FRÅ LOM (Folk og fylgje tå alle salg)
OLAV T. KVAALE
LOM HEIMBYGDSLAG 1975
ISBN 82-990 408-0-9
Engers Boktrykkeri A/S – Otta
”Gamalt frå Lom” er utgjeve med stønad frå Ola Øyjorde, Lom Tamreinlag, Norsk Kulturfond og med stønad og garanti frå Lom kommune.
Klikk her for å lese ”Forordet”

Rasmus Vurvold

Stor-Volvål’en, ‘n Rasmus Vålvål, var skrekkeleg sterk, — det var dei, alle dei syskjena. Ein gong hadde han bunde hesten sin i Presthaugen. Det var med Mortensen var prest. Presten kom, og det vart eit evig spetakkel, og presten gjekk til håndgripelegheit. Rasmus la seg på kne og bad han berre koma:

— Skulle e’ tå ti de’ så kjøm du ikkje på stol’n i morgo, sa’n Rasmus.

Ved Vålvålbrue låg ei lyfte. Ein sundag sat det nokre karar der og spelte kort. Rasmus sat nærast lyfta, og liksom kjæla ho. Han berre snudde seg og la lyfta opp på knea sine.

Barbro, syster hans, tok halvtunnesekken med korn i munnen, slengde han på ryggen og gjekk med han.

Dei reiste åt Amerika, alle dei syskena. Berre Anne Vetløygarde vart att.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *