Internt referansenummer: 16.06.09 – A
Kilde:
GARD OG GREND
FOLKEMINNE FRAA ØSTERDALEN I
NORSK FOLKEMINNELAG III
Av:
SIGURD NERGAARD
(Klikk her for å lese om Sigurd Nergaard)
KRISTIANIA (NORSK FOLKEMINNELAG 1921)
Prenta hjaa Johansen & Nielsen

Reidar Reten

Straks ovanmed Olsberg er det ei tuve dei kallar Redertuva. Det skal vera grava etter ein som vart drepen av bygdefolket ein sundag etter messa, han Reidar Reten.

Han var innflutt i bygda og hadde vorte gift med gardgjenta paa Reten. Med henne hadde han daa faatt so mykje medel han vart ein rik mann. Han skulde vera uvanleg sterk, og daa han attaat var klokare enn andre folk, vart han den mektugste mannen i bygda. Han skulde vera lenger komen i mangt og mykje enn andre folk, og so vart dei hatefulle mot ‘n. Sume meiner og han var lenger komen i kristendomen og, kva det so var.

Ein annan mektug mann i bygda var Trond Søgarden. Han og Reidar var lenge uvener, og truleg var det høvdingmakta i bygda som stod desse imillom. Nok er det, han Trond fekk eggd upp dei andre bøndene mot ‘n Reidar, so dei sette seg fyre dei skulde drepa han. Men det gjekk ikkje aa ta han beinvegjes, og so laga dei til og skulde ta han ved kyrkja ein sundag. Dei hengde upp ein kvernstein paa innsida over døra i vaapnhuset, og den skulde dei sleppa ned paa han med det same han gjekk att fraa kyrkja etter messa. Paa ein eller annan maate hadde han Reidar faatt tefta taa dette, og so gjekk han ut gjenom sakristidøra, og skulde koma seg vekk. Men daa sette dei alle etter ut, og han Trond Søgarden skaut han med ein pil der straks ovanmed, og der gravla dei honom med det same. Men han Reidar vart ikkje lenge uhemna, for kona hans drog sjølv til Søgarden og skaut ‘n Trond.

I bjørkebeintida skal det ha staatt eit slag og der paa Olsbergsjordet. Det var to herar, ein nordan- og ein sunnanfraa, som møttst der. Dei fallne er gravlagde i to svære groper der paa
jordet.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.