Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

Reinfan til nykalva kyr

Frå gammalt var det mange slag planter og røter som vart samla inn og bruka mot sjukdomar både på folk og dyr.

Til å få kyrne til «å gre seg» etter kalving var det fleire råder. Kongrovev i kraftforet eller i mjøldrikke har vore mykje vanleg.

I bygdene rundt Røros bergstad og i sjølve Røros har Reinfan vore bruka. Det var sjølve stylken med blad og blomar dei samla inn og tørka.

På mange av sætrane var det planta reinfan attmed buveggen. Der hausta dei han i buntar og tørka han til vinterbruk.

Når så ei ku kalva tok dei av reinfanbunten, la det i kokande vatn og let det koka. Kua skulle ha ein skikkeleg munnfull – eller ei tugge som det vart kalla. Og vatnet som det var koka i skulle ho drikka. Når det hadde koka ei stund tok dei levande glør frå åren og kasta oppi gryta. Dermed var drikken skirsla med eld og kua fekk retten servert.

Da skulle kua «gre seg» lett.

Framleies er det folk i Røros og bygdene omkring som er tru mot tradisjonen. Og dei held hardt på at reinfan verkeleg er god hjelp til å halda nyberkua frisk.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *