Internt referansenummer: 27.03.2009 – A
Kilde:
SOGNE-STUBBAR
Ragnar Kvamme
Teikningar av Odd Børretzen
EGET FORLAG
OSLO 1962
”Til minne om mor og far som båe sette stor pris på ei god soge.”
Klikk her for å lese ”Forord”

Reisekameraten

sogne-stubbar_-_reisekameraten_-_051

Flåmsbana hadde vore i drift nokre år. Passasjertalet var heller stort og med det kom og kravet om sovevogner. Det hadde nemleg vore slik at dei reisande som tildømes skulle til Oslo først fekk soveplass kring midnatt når dei nådde Bergensbana på Myrdal stasjon.

Kravet førde fram, og sovevogner vart sette opp.

Ein mann som kom frå Sogn løyste soveplassbillett til Oslo. Dette skulle nå prøvast.

Vel komen inn i kupeen, vart han merksam på at han hadde ein medpassasjer som og skulle til Oslo. Dei helsa på einannan og snakka om ver og vind slik som ein ofte gjer, og vona at dei fekk ei god reise.

Han som kom frå. Sogn sa at dersom den andre skulle merka at han snorka så måtte han berre plystra, for gjorde han det, ville snorkinga stoppa.

Like før toget kom til Hønefoss vakna han med snorkinga. Han oppdaga til si store undring at han var åleine i kupen.

Då soveplasskonduktøren nett gjekk forbi, avdi ein del folk skulle av i Hønefoss, nytta han høve til å spørra om konduktøren visste kor reisekameraten hans var vorten av.

«Han,» svara konduktøren, «jaget vi av i Hallingdal. De skjønner han lå og plystret hele natten og holdt medpassasjerene våkne. Stakkars tulling!»

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *