Internt referansenummer: 11.03.2011 – II – BOK
Kilde:
EG MINNEST
Nils Sund
Klikk her for å lese en «minibiografi» om Nils Sund.
Nils Sunds forlag
Haugesund 1951
Nils Sund trykkeri, Haugesund
Klikk her for å lese innledningen

 

Religiøst liv i Haugesund

 

Det var sterkt kristeleg liv mellom Hans Nielsen Hauges venner her i byen. Eg høyrde møkje tale om Ditlef Møller. Han blei alltid nemnd med stor vyrdnad. Ein annan av vennene var Jens H. Hansen (Hansen på Torjå). Eg minnest han som ein gamal hjartemild mann.

Og Nils Skorpen minnest eg godt. Han døydde i 1890, 82 år gamal. Han var innante Skorpå i Kvinnherad og var utlært som garvar. Men så lenge eg kjende han, dreiv han handel i eige hus, Skorpe-huse, på hjørna av Strandgatå og Nils Skorpensgatå (nå Bernt Svellands eigedom). Han var ein stor, tung, giktbroten mann som gjekk med to stavar. Han gjekk seint og det såg ut som kvart stege gjore vondt. Men han var på formannsplassen kvar bedehuskveld. Indremisjons-folke samla seg om han med tillit og vyrdna, men dei måtte smulka av han somme ti’er, dei òg.

Han var ikkje noken talar og setningane kunne laga seg litt løgne for han av og te. Eg hugsar ei historia, som heile byen lo av. Byen var ikkje svært stor så alt spurdest fort. Det hadde seg så:

Hansen på Torjå var slutta med handelen og hadde leigd krambuå vekk te to unge menn. Dei var med i indremisjonen, men likevel hadde dei fått utnamne «hedningane». Så var det ein kveld på bedehuse at Skorpen sa: «Eg ska gjera kjend at det om onsdag ska vera kvindeforening for dei arme hedningane hos Hansen på Torjå». Då lo folk.

Kjøpmann Samson Sandvig blei formann i indremisjonen etter Skorpen. Han 6g var frå Kvinnherad. Ein grei, uforfæra kar som gjore det han trudde var rett om så venner og partifeller var i mot. Ein gong i bystyre studde han eit framlegg frå sosialistane og det ville partie hans få han frå. Men nei, «eg e’kje rædd for å eta graut med sosialistane», sa han.

Han var ein ihuga og dugande arbeiar for fråhaldssakjå og for barneheimen var han ein utifrå god mann.

Av emissærar frå gamletiå hugsar eg Ole Kal-lem, Andreas Lavik og Knut Rettedal, av misjons-elevar Josef Nilsen frå Førresfjoren, som far min kosta misjonsskulen på og to av vennene hans: Torbjørnsen og Meeg. Dei var jamt heroppe og budde då hos foreldrene mine.

I bedehuse brukte dei ei dansk songbok, «Troens rare klenodie» av Brorson, eg trur lika te 1914.

Oppunder jul eit år i min barndom kom ein gamal mann heim te foreldrene mine og bad om hus. Han heitte Åmen Anensen Spanne og var gamalt kjend med oss. Han hadde vore dreng hos Ditlef Møller, men gjekk då frå bygd te bygd og talte i samlingar. Nå hadde han fått lungebrann og blei liggjande hos oss te inn på nyåre.

Han høyrde te dei «sterktruande», som held strengt på Hans Nielsen Hauge si læra og ikkje ville veta av noke så nymotens som Landstads salmebok, Rosenius sine skrifter og at «budbererane» (emissærane) sku ha fast løn. Jernhandlar Amlie var rettleiaren deiras. Han ga ut to—tri bøker. Den eine av dei, «Blåbokjå», selde han mange av. Namne kom av at hu hadde blått omslag.

Desse sterktruande var ikkje sekteriske, men nærmast si tids ortodokse i strid med den ørlitle rosenianske liberalismen. Rosenius var ein svensk prest.

Dei fysste sektererane var kvækerane. Det var skjoldabuar frå Stakland og Aursland, kanhenda frå andre bygder 6g. Eg hugsar ein i Grinde —Samson Urå — som foreldrene mine var godt kjende med og hadde stor vyrdna for. Dei to—tri kvækerane her i byen dreiv med handel og silda-salting, stillfarande folk, som alle totte vel om.

Så kom ein metodist. Han heitte Karl Pettersen og var son te den namngjetne notabasen Lauritz Pettersen, han med «nøter ti».

Karl Pettersen var styrmann og hadde fare på Amerika. Der blei han «vakt» av metodistane. Kom så heim og held møter på faren sitt sjøhus på Bakarøynå. Han var ein god talar og fekk hjelp av syster si, Lydia (Amundsen), som var minst lika god.

Sokneprest Jespersen skreiv i avisene: «Får dette utbrede sig som hidtil har vi snart et metodistisk samfund her i byen. Frøet har i længere tid ligget skjult i jorden, det turde snart spire opp og træde frem i dagen. Man kan med sandhed sige: det sniger seg ind».

Seinare tok dei te å halda friluftsmøter på Tuhaug. Det samla seg mange mennesker om dei, både vaksne og bådn. På skulane sa lærerane strengt frå te bådnå, at me måtte ikkje høyra på metodistane og slettes ikkje ta mot småskrifter som dei delte ut.

Omkring 1900 var her ein metodistprest som heitte C. V. Duckert. Han var storkapellan i godtemplarordenen og held gudsteneste i handverkarlokale då storlosjen hadde årsmøte her 18. juli 1899.

Duckert var ein gild mann som alle held av. Han hadde ein sers god kamerat, ei litå gneldrebikkja som fylgde med kor han gjekk. Ein dag, han kom inn te meg på bokbuå, sto prost Sverdrup attmed disken. Bikkjå fôr med ein gong i prosten og beit han i leggen. Sverdrup snudde seg og då han såg det var Duckert, smilte han og spurde: «Skal jeg oppfatte dette som et bakholdsangrep på statskirken»?

Då fekk me oss ein god lått.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.