Av fiskeriassistent Olav Jønnum
Hentet fra Årbok for 1970, 48.årgang
Nord-Trøndelag Historielag
Redaktør: Gudmund Leren
Steinkjer Trykkeri A.S 1971

Revejakt med buhund


Høsten 1947 var jeg på saueleiting på Nordfjellet. Det var seint på hausten, så dei fleste av sauene var komme heim. Det var ettersanking eg var på. Eg hadde med buhunden til Bj. Aunan. Han var sers god til å samla enklingsauer. Eg hadde bruka denne hunden mykje, så eg var godt kjendt med han. Ein gong han var ute på søk, gav han frå seg ein lyd eg ikkje var van med. Eg undrast mykje på kva det kunne vera. Det var berre ein lyd, og eg høyrde ikkje meir. Eg tok til å leita. Då eg kom ut på eit berg fekk eg høyra hunden, han hadde stålos i ei steinur rett under berget.

Eg gjekk da omkring til eg kom under berget og fram til ura. Hunden var da i fyr og flamme og forsøkte å koma inn i ura millom steinane. Då fresa det i ura. Eg som ikkje visste kva slags skapning som var der, var redd hunden kunne verta skada så hissig som han var. Kunne tenkes det var ei gaupe.

Noko gevær hadde eg ikkje med, berre ein tollekniv. Eg visste ikkje kva eg skulle gjera. Men så vart eg var ei lita tørgran. Ho tok eg og fekk til ein solid stav som eg ordna sylspiss i den eine enden. Den tok eg å stappa i ura der eg høyrde det freste. Eg kjende eg råka noko mjukt, men det vart heil stille i ura. Eg visste da ikje kva eg skulle gjera, kjenna etter torde eg ikkje. Taka attende staven kunne eg heller ikke gjera. Men etter lengre funderingar vart det til at eg kjende etter. Då fekk eg tak i noko loddent, og da eg drog det ut var det ei storrevetispe på 9 kg. Det synte seg at eg hadde råka med staven rett gjennom hjartet på reven, og då vart det vel rimeleg at det ikkje vart noko ekstra leven.

Etter eg hadde fått tak i reven, undersøkte eg magesekken og invollane, om eg kunne finna rester av sau. Men det fanst ikkje. Men derimot var han full av hønfjør.

Høyrde siden at reven hadde teke ein masse høner i øvre Dalbygda, så dette var sikert gjerningsmannen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *