Kilde
Hentet fra:
http://www.intermedia.uio.no/ariadne/Kulturhistorie/kulturhistorisk-informasjonsbank/eventyr
Samlar: A. Leiro
Dato: 1930
Kjelde: Nils Røydland
Stad: Hordaland, Evanger
Note: Trykt i
Tekstsignatur: NEB 4, s. 50

Reven som lurte bjørnen

(Overskrift lagt til av www.historier.no)

Det kom ein mann køyrande med eit fiskelass. Reven hadde lagt seg som daud attmed vegen. Mannen tok reven og la attpå lasset. Sjølv sat han framanfor. Så tok reven til å henta fisk av lasset, og då han hadde køyrt med eit stykke, bykste han av. Sidan henta han fisken saman til ei byrde. Med han heldt på med dette, møtte han bjørnen.«Korleis har du fare åt og fenge all denne fisken?» spurde bjørnen.«Jau,» sa reven, «eg la meg nett som daud attmed vegen. Så kom det ein mann med eit fiskelass. Han slengde meg attpå lasset. Då kunne eg henta av så mykje fisk som eg ville ha.»Bjørnen ville gjera like eitt.«Ja, det får du gjera,» sa reven, «men du lyt tola det om han bankar deg,» sa han.Dagen etter kom mannen med fiskelass, men då var han lurare. Han spretta telna ifrå og banka bjørnen. Han tolte det lenge, men til slutt måtte han reisa. Neste dagen møtte han reven og klaga seg.«Ja, dette var ein lærepeng.» sa reven.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *