Kilde:
Leiv Heggstad
Eventyr og segner på målføre
Frå alle kantar av landet
Oslo 1950

Reven ter bjørnen eit menneske.

(Målføre frå Eidfjord, Hardanger.)

Bjødnen å røven møttest ein dag uti skogjen. «Du ser so ugjetlæ å tankafudl'u ut,» sa røven, «berre no hòve ve halda,» sa han. «Ka æ da du gjæng'u å grundar pao?» «Eg tænkje pao at da sku ha vò snodigt te fængje set eit meneskje,» sa bjødnen. ««Da kann vetta rao mæ da,» sa røven; «fyl no mæ meg!»

So rusla dei ao sku finna eit meneskje. Um eit bel møtte dei eit badn. «Æ detta eit meneskje?» spure bjødnen. «Nei, detta æ ikje nuku meneskje,» sa røven, «men da ska vetta eit meneskje.» Lei um ei ri, fekk dei stiren pao ein gamadl'u mann. «Æ detta eit meneskje?» spure bjødnen. «Nei, detta æ ikje nuku meneskje» sa røven, «men da ha vò eit meneskje.» So for dei lengur. Best da va, kom da ein rjupeskyttar imot dei. «Æ detta eit meneskje?» frega bjødnen. «Ja, detta æ eit meneskje,» sa røven, «å no trur eg helst' eg tuslar meg ao, eg,» sa han å vatt burte inni dusane.

Men bjødnen gjekk burt te veiemannen å vilde helsa pao hòno. Sænde han dao eit hagel-la i fleisen hans, å sian gjekk han pao mæ børsekolben. Bjødnen kom seg undan i fjakaste lagje å rumde langt, langt inn i skogjen. Seint um sian fann han att røven attum ein stein. «Ja, no ha eg lært å kjenna meneskje,» sa han, «å eg lyt'u seia at da æ dan argaste skapnaen eg ha kome ut fy. Fyst'u sænde han eit heilt torp vøpsar i syne mitt, å sian la han te meg i hòve mæ ein stakje, so eg vatt bòde ønen å ør'u. Dan skapnaen ve eg aldri helsa pao meir.»

_________________________________________________

Målet i Hardanger er Sudvestlandsk. Istf. å segjer dei ao, ei vert uttala mest som ai. tankafudl'u tankefull. ugjetlæ (ugjedsleg) ublid. vå vore. ve vil. vetta verta. ao av, burt.

duse m. småskog. fjakaste snaraste. torp flokk. vøps kvefs. ønen hovudgalen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *