Internt referansenummer: 16.06.09 – A
Kilde:
GARD OG GREND
FOLKEMINNE FRAA ØSTERDALEN I
NORSK FOLKEMINNELAG III
Av:
SIGURD NERGAARD
(Klikk her for å lese om Sigurd Nergaard)
KRISTIANIA (NORSK FOLKEMINNELAG 1921)
Prenta hjaa Johansen & Nielsen

Rike Lars Prestgarden

Rike Lars Prestgarden i Tyldalen hadde so mykje pengar, han stappa full den eine hosa etter den andre, og grov ned. Han livde i 1700 talet, og dreiv med kolkøyring aat Rørosverket. Dette tente han godt paa, og etter som pengane kom inn, grov han deim ned, for daa var dei tryggare gøymde, og dei kunde full ein gong vera gode aa finna att meinte han. Men dauden kom so braatt paa han Lars, han vann ikkje tala um kvar dei var. «Grav tri skredt fraa nova paa ….» Daa var han ikkje god til aa segja meir, for han mista maalet, og ingen veit kva hus han meinte paa. Fyst hadde han mange hus paa garden, so var det 5 sætervollar med hus paa alle, og attaat hadde han mange ut-løor, so det vart reint i det uvisse aa grava. Dei grov kring alle hus, der dei helst trudde det skulde vera; men skatten ligg der enno den.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.