Kilde
Det mørke landet
Nordnorske eventyr og segner
Av Edvard Ruud
Illustrert av Karl Erik Harr
Fonna Forlag 1980
Gjengis med spesialtillatelse av
Edvard Ruuds sønn;Tore Ruud

Risen på Kjølva

Der er ein fjellnæring mellom Mefjorden og ØyfjordenSenja heiter Kjølva. Her budde det ein rise frå eldgammal tid. Han vart glad i kjerringa i Kjerringberget. Han fria åt ho. Men ho svara han nei. Han vart fykande sint, og ville skyte henne. Så reiv han ei pil av fjellet og la på bogen. Men då han skaut korn det eit stort lauvblad imellom. Lauvbladet det var Trælen det. Pila dala ned i Roren vest om Trælen. Sola rann, og enno kan ein sjå både Ressen og Kjerringa. Trælakallen står opp av Sporra på Trælen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *