Internt referansenummer: 27.08.2009 – A
Kilde:
Folkeminne fra Rogaland I
Samla av Torkell Mauland
NORSK FOLKEMINNELAG XVII
Oslo 1928
Prenta hjå Johansen & Nielsen, Oslo
Klikk her for informasjon om Torkell Mauland
Klikk her for å lese «fyreordet» (Med bilde av Torkell Mauland)

Risen paa Borgenvik

Ein rise budde ein gong paa Borgenvik i Nedstrand. Under garden laag den tid Borgøyi som ligg i fjorden ein god fjordung lenger nord. Han totte at øyi laag for langt fraa garden; vilde havt henne so mykje nærre at han kunde stiga burt kva tid han vilde, og sleppa ro. So ein dag rodde han av aat Borgøyi; der sette han fast eit reip, og rodde so attende til Borgen-vik og gav seg til aa hala i toget alt det han orka. Men best som han drog, der gjekk toget av. Risen valt attlenges med bakenden i berget. Det vart ein stor sokk i berget, og den kann kven som vil sjaa den dag i dag.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *