Internt referansenummer: 27.08.2009 – A
Kilde:
Folkeminne fra Rogaland I
Samla av Torkell Mauland
NORSK FOLKEMINNELAG XVII
Oslo 1928
Prenta hjå Johansen & Nielsen, Oslo
Klikk her for informasjon om Torkell Mauland
Klikk her for å lese «fyreordet» (Med bilde av Torkell Mauland)

Risen paa Njaafjellet

Ein rise var ein gong paa Njaafjellet og vilde ned til havet. Daa laut han yver Frøylandsvatnet, og han visste ikkje visst um han kunde stiga yver. Difyr tok han med seg tvo steinar, ein under kvar arm, og vilde leggja til gangsteinar i vatnet um det trongst. Men daa han kom ned aat vatnet, saag han at det ikkje var naudsynt; vatnet var ikkje breidare en at han godt kunde stiga yver. So sleppte han ned steinarne, og der ligg dei enno ikkje langt ifraa vatnet. Det hev vel vore ein breidaksla kar; for steinarne er minst tie alner ifraa kvarandre. Og sterk var han vel etter maaten; for det er ikkje smaasteinar.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *