Internt referansenummer: 01.10.2011 – BOK
Kilde:
DAGAR OG ÅR – SEGNER FRÅ SALTEN
Ragnvald Mo
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER NR. 37
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG) 1936
Klikk her for å lese ”fyreordet”.

 

Ronolappar

Korpa

No er det mest ikkje å høyra tal um lappgann meir; annleis ronakjent var lappane i eldre tider. Då var det ikkje langan millom kvar gongen du høyrde dei hadde vore og ført vondskap og ulukke over både folk og kretur. Og mange av desse gammalbystingane som for her og vandra, sette seg i stort vanry med roning og slik trollheit.

Den mest namnkunnige av dei ronalappane som hadde sin gang her, var ein dei kalla Korpa. Han hadde no elles fleire namn, Grønsnerren var det eine. Han var overhendig snerren og argsint, dertil gjekk han i ei grøn kofte, og soleis var det han hadde fått det namnet.

Ja, denne kroppen for tiggargang rundt på gardane, medkvart i Saltdal og medkvart over Beiarn. Og meir enn ei ubye gjorde han i si tid. Soleis var han ein haust komen til Sundby, i stua hans Johan Bertelso; men der kom han ikkje til å bli noko vel fagna; han Johan kjesta berre lappen på dør med det same. Og ut strauk han. So hadde han fare utetter Versellbakkann; nokre gluntungar fylgde so høveleg etter, for å sjå kvar han tok vegen. Ja, dentid han var under, bar det på kne med han, kom so halande med ein skinnpose or barmen. Og alt med han no låg der og kvenska og valka med denne, vart gluntane vis det kom ei humle drivande or posen. Men just i det same la Snerren til: «Dar jekk feil!» So mykje han hadde sagt det, kom hesten hans Ole Andreaso i langtan innetter Holmen. I den tida var det tett olderskog heile turen innetter, og instpå låg det ein vase med vindbrot. Mot ein av desse sprang hesten; og innan folk kom ditett, var hesten klar.

Men det var ei ku hans Johan Bertelso som var tiltenkt denne støyten.

Ein vinter skaut Snerren av seg ein finger. Det sette seg vondskap i so han fekk ikkje såret til å gro. Men lappen gjorde seg no meir klein enn det han var; so han skulde ha husvist. Det var i prestegarden han vart liggjande. Og dette var endå eitt av dei åra ho mor mi var til terne der, so det er no heretter meir enn 100 år sidan; eg går no i mitt 93ande. Ja, ho mor var det som tala um dette, og ho hadde å bera mat åt lappen. Men alle dei gonger ho var ditett i borstua, høyrde ho aldri han sa takk; han var på ein måte kva tid ho var der, han låg berre mørra og sette skakkauge mot henne.

Ja, då han kom upp og forlet prestegarden, hadde det bore til Sundby med han, og han kom i sjykkjo åt han Johan Bertelso; han var i arbeid med å øksa båtnaglar dentid lappen kom ditett.

«E du no kommen de på føt’n att?» sa han Johan.

Lappen let illa og klaga seg kor ussel han var attpå seng-lega. Det var brennevin han snika etter; men han Johan vilde ha han or sjykkja.

«Til pokkers me både de å trollskapen din. Da va skrot du inkj ,skøut heile hainna a de, når du lik samt for me da.»

«No, no pass de sjøl, du.» Og han hadde ikkje for vel sagt det, so låg venstre pekefingeren hans Johan Bertelso avhoggen på stabben. Han sa det sidan so mang ein gong, han visste ikkje kor det bar til.

Og pekefingeren på venstrehanda var det lappen hadde skote av seg.

Men det var no ikkje alltid han fekk det til å lukkast, Snerren, heller. Det var tilfellet den gongen han vart so stygt til-knaska på stabburet hans Ole Andreasso. Ja, han Ole heldt seg utpå stabburet ein dag; og under dette kom lappen drivande ditett.

«Her høv just. No jærna dram å få,» helsa han. Han Ole gjorde som han ikkje høyrde. Men lappen sette seg av på ei kornkiste, og smått gjekk på etter brennevin. Etter kvart tok han til å bli noko grei i kjeften; og då han Ole hadde høyrt til dette eit tak, vilde han ha ein ende på. So bad han lappen gang ut.

«Inkj før få prennevin, då ska gang.»

Det skulde dei bli to um, meinte han Ole. Han spurde no lappen um han vilde gang ut med det gode, enn um han vilde bli driven or stabburet. Men lappen berre kvenska og svor, so han Ole forstod det laut anna til. Han tok i koftekragen, skulde få han av kista. Men so lett gjekk det ikkje. Lappen vart sitjande like ferm. For det var slik med desse troll-lappane, vann ein ikkje gjera noko med dei innan dei kom seg til med trollskapen, so fekk dei slikt overvelde at ein laut få blod av dei før ein kunde vinna åt dei. Dette visste han Ole; og so smikka han til lappen med flathanda over munnen; men blod fekk han ikkje. Han slo no fleire slag i ein annan, berre der det høvde. Og fleire gonger hadde lappen munnen dam full av blod. Men lenger kom det ikkje, heilt til dess han fekk eit uventa nakkeslag. Han Ole dunsa hovudet hans i bursveggen.

Men då var det gjort med lappen; han baud no ikkje på motstand meir, og vart boren or stabburet. Og han Ole sa det sidan, at han låg so lett i armane som ein annan tørrfausk.

På Saltnes hos Ellingsen var brennevinshandel i dei dagar.

Ein sundag kom Korpa ditett og vilde ha gesellen i veg å tappa brennevin. Dette var just over middagen, og gesellen hadde lagt seg å kvila i ei seng i borstua. Ja, det var fleire inne dessutan, millom andre husjomfrua til Ellingsen; ho var og komen i senga i lag med denne Karl Erik, gesellen, som eg seier. Det var nokon som hadde skunsa henne dit, og ho bala å koma seg fram; men han heldt att, berre slik på kjelter, skynar du. I denne styren kom lappen dit; men han vart ikkje gammal der. Karl Erik sa han ,orkast ikkje tappa brennevin åt lappar på ein sundag. Det var berre han kom seg or husa. Lappen retta seg etter det; men i det same han var i døra, snudde han seg: «Du ha mot å ligg, ser e, å ligg ska du få.»

Vel han var unda, kom det ei humle inn glaset, og denne vilde av all makt i nasen hans Karl Erik. Han prøvde fleire gonger å få slag på henne. Og før han rett visste av det, la det til å stikka so vondt i eine leggen. Han upp; han forstod no kva slags utid dette var; det var gannfluga til Snerren. So skunda han seg etter kniv og skar stykket ut. Dette la han no i glaset, og der tok det til å svell upp, det var sluttpå so stort som ein knyttneve. Det siste dreiv han det på varmen; men i det same vart det ein smell som av eit børseskot.

Men han Karl Erik berga seg på dette viset.

Det var fleire som hadde set gannflugone hans. Når han vanka i Beiarn, brukte han medkvart ta hus på Molid. Han hadde då jamt hita med i stua; og på kvelden, alt med dei var samla inne, tok det til å kry flugor or. Dei var store som humla, men vistes noko smalare. Men når denne svarmen tok til å kry for langt utover, so berre han plystra, Snerren. Då var dei snar å søk baker i hita.

Ja, dette veit eg dei tala um so mang ein gong, både han Lars-farbror og han gamle Morits. For dei hadde båe set til det.

Snerren dreiv mykje og herska med dauingane; men ein gong han var på Soløy, heldt han på å få nok av det spelet. Han skulde ha hus åt han Pe Sakariasso, og dei reidde upp åt han i ein høystabbe i sjågen. For dette var på sumaren, og han Pe var sjølv flytta ditett med sangstaden sin.

Vel dei var lagd, her reis lappen upp og for snuskande ut. Men han Pe tok ikkje so mykje marke av det; for han hadde so mange skikkar denne Snerren. Det gjekk no ei tid. So fekk han Pe høyra det sprang utkring veggen; det var då lappen som kom i slik fart. Og denne gongen var han ikkje åleine; for vel han var innum ladøra, var det ei heil skrei med folk etter.

«Herre Jesus, no må du jeip me, Pe!» ropa han.
«Ja, før da hellige namne du nemne, ska e da,» svara han.

So tok han Pe lappen uppum seg i senga. Det vistes so dei skydde den; men dei stod der og trykte, og var motes burtåt. Men då dette hadde vara ved ei økt, so vistes det for han Pe som denne folkehopen løystes upp og kvarv unda, ein for ein. Men um morgonen fann dei ein sekk med daumannsbein under latilet. Det var Snerren som hadde late etter seg den.

På Israelsbakk viste han eingong kva han dugde til. Han var åt han Ingebrikt Hanso, og der fekk han både dram og fliing, so han kom rett i godhøvan. Alt med dei sat og røsa, tok han Ingebrikt til å driva med lappen um roning.

«Da e no vel berre tull da di sei om de?» sa han Ingebrikt.
«Bi me ut i bakkann, ha du mot å sjå,» sa lappen.

Det bar då ut med dei. Men innan lappen gjorde noko, sa han åt den ander’n kor dette skulde vere. Han Ingebrikt laut lova han skulde bli i maken der til alt var over. Ja, det lova han. So sette Snerren seg på huk, og tok til å sputta, og med-kvart gjorde han slikt underleg mål. Og under dette var det jussom han tok til å kverv burt for han Ingebrikt. På det siste vistes han berre som i ein røyk.

Han Ingebrikt tenkte då med seg sjølv: Er du ein slik kar, so skal du ha takk for meg. Dermed strauk han inn. Ei økt deretter kom Snerren etter; men då var han so mødd og a’tevra, det var just so han var gangfør. Og so klaga han på han Inge-brikt, som ikkje hadde halde ord; det var det verste han kunde gjera, sa Snerren.

Ei vende han var her i Beiarn, kom han åt henne farmor, ho Dordi Jonst, og tigga etter mjølk. Men ho let han ikkje få; for dei var redd å lat frå seg mjølk åt slike; dei kunde føra vondskap over kretura.

Det gjekk mange orda um det gammalt attende. Lappen vart no arg, og truga; han kom fram med denne gannposen sin, og då han hadde knøvla med den ei økt, so lova han på det ho farmor skulde få lite um mjølk ho og. Med det for han sin veg.

Men nokolite deretter hadde ho farmor ærend i fjøsen. Ho fann då ei ku liggjande klar i båsen. Eg vil inkje sei kor vond og sjellaus dei kunde vera desse troll-lappane.

Ja, det må ha vore mykje styggheit i denne Snerren; for den-tid han var død, blåna han av alt med seg. Og liket vilde berre krøkna, so dei laut leggja det i strekk etter ein planke, til det var a’stivna so dei kunde få det i kista.

Dette tala dei um fleire av dei gamle, minnst eg. For det var her på Osbakk han døydde (Saltdal-Beiarn).

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *