Internt referansenummer: 04.10.2009 – A
Kilde:
Folkeminne frå Sunnmøre II
Jørgen Gjerding
Ålesund 1932
I kommisjon hjå Alb. Gjørtz Bokhandel
Klikk her for å lese en ”innledning” til boken.

Rop og røyster i Stordal

På sjøen høyrest av og til rop eller røyster, å ja, på landjorda med, men ikkje so ofte der.

Det er mange som trur at det noko kjem frå lik som ligg på sjøbotnen, slike som hev lege der so lenge at dei rotnar, og då skyt det seg op vindbeler, og når dei brest, so høyrest det so rart ut, mest som mannerøyster ofte.

Dinæst kan ein slik ljod kome fra lomfuglen som læt so ynkeleg, og det høyrdest so uhugleg ut, især på nattes tide,

Men ein kan ogso høyre rop eller røyster som ikkje hev si årsak i noko av dette, ein veit ikkje nokon skilleg grunn, til det. Då er det mange som trur at det er einkvan som hev late livet eller vore i stor våde på den staden, og høyrest naudropa i langsamlege tider etterpå, helst fyre slikt ver som det var då ulukka hende,

På Garvik utanfor Lianes i Ørstafjorden høyrest ei slik røyst, er det sagt av folk som bur der ikring. Det er omlag 100 år no sidan det kom burt ein kyrkjebåt frå Grøyvik på Garvika, og naudropa frå desse folk er det som høyrest, helst fyre sunnanvindsstorm, som det var då ulukka hende.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *