Internt referansenummer:B-000017
Kilde:
BONDELIV – SAMRØDOR OG SONG ETTER RANGDI MOEN
GAMAL VALDRES-KULTUR II
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 45
1940
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å se bilde av Ragndi Moen
Klikk her for å lese om ”Forfattarens fyrste møte med Ragndi Nilsdotter Moen.”

Rop

Eg har høyrt rop frå ei elv. Då eg var vel so 10 år, var eg på Havda, Brattstølhøvda, og var gjætargjente. Eg var endå hjå Smea-Berit. Ein dag sat eg nord med Tisleia og skulde sjå te me småkrøteri. Ress so best eg sat der, fekk eg høyre ein kald, vond skrik. Det fór mest som med elvi. Stundom var det som ein bulder.

Der som eg høyrde dette, var det eit vad. Dei brukte å fara over der med krøter. Det kallast endå Merkjisvade. Eg sat der og høyrde ropet ved den tidi på dagen at soli trilla ned for åseggi.

Dagen etter kom det nokre hallingar med ei drift, som dei jaga over vadet. Det var ogso med drifti et syster åt Julson-Ola. Dei kalla henne endå Julson-Ragnhild. Julson-Ola hadde selt nokre krøter te hallingane og skulde fylgje åt Merkjie med dei. So skulde han vera med og jaga feet åt Furuhyttun. Gjenta, ho Ragnhild, skulde burt att på Brattstølen, der dei hadde krøteri sine. Dei heldt på «mjølka dugurd» i Merkjie då gjenta skulde over elvi. Ingebjørg i Merkjie var endå budeie. Ho Ragnhild spor då um engon vil setja henne over. «Ja,» sa ho Ingebjørg, «vil du vente lite te e ha mjølka, ska e seta de åver.» Gjenta gjekk, og dei såg ho ikkje meir. Ho hadde vilja vadt elvi og hadde blivi. Ropet eg høyrde, var nok eit varsel.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *