Internt referansenummer: 09.02.2022 – BOK
Kilde:
Gamle Hallingdal
Hefte nr. 3 – 1985
Samlet inn av: Paul Breiehagen
Redaktør: Sigbjørn Tormodsgard
Hallingprent Forlag A.S
1985
https://www.hallingdolen.no/

Rotneim songkor

Det største møtet mellom folk av hallingætt i Amerika og Hallingdal var i jubileumsåret 1914. Over 1200 norskamerikanerar reiste til Noreg og såg att gamle tufter og trefte skyldfolk.

Frå dei førande i Hallinglaget i Amerika kom det oppmoding om at det vart reist ein bautastein i alle bygder med innhogd namn på dei som var med i ufredsåra frå 1807 til 1814. Amerikanerane skulle koste innhogginga av namna. Kommunane gjekk inn for dette og steinane kom opp.

Den store ferda kom til Hallingdal i slutten av mai 1914. Det var mange møte og festlege samvær i alle kommunar, med program og mat på gammal gjerd.

Gjestene hadde også med seg pengegåver som vart gjevne som legat. Men hallingane ytte ei motgåve til det slektningane i Amerika gav. Erling Bekkestad og Svein Nestegard sette seg i sving og fekk laga ei fane, som målaren Ekornes måla. Denne vart overlevert på ei stor samstemne på Nesbyen.

I Gol song Rotneim songkor for gjestene, med lærar O. T. Brennhovd som dirigent. Brennhovd var aktiv i ungdomsarbeidet i Gol, han var med og skipa Hallingdal sogelag og Hallingdål songarsamskipnad og han var organist. Det vekte nok sikkert mange minne, då dei langvegsfarande gjestene fekk høyre att kjære songar og salmar.

På biletet ser me Rotneim songkor med Hallingfana. Dei som står mellom songkoret og fana er av dei norskamerikanske gjestene.

Namna på songarane er:
1. rekke frå venstre: Sigrid T. Gutigard, Turid Jonsgard, Birgit T. Gutigard, Liv O. Rødningen, Birgit K. Fossebakken, Birgit H. Jegleim, Birgit P. Rustberggard, Sigrid S. Teigen, Karoline H. Rotneim.

2. rekke frå venstre: Herman Hulen, Erik E. Øynebråten, Peder P. Rustberggard, Ola Jonsgard, Mekkel P. Rustberggard, Sander Jonsgard, Asle Roteigen og Arnfinn P. Rustberggard.

Dirigent O. T. Brennhovd står fremst.
H.d. 17. september 1983

Rotneim songkor. Fotograf ukjent.

Mer informasjon om heftet «Gamle Hallingdal»

Serien «Gamle Hallingdal» går no i Hallingdølen på sjuande året.

Både i 1983 og i 1984 gav me ut ein del av bileta med forkorta tekst i bokform. Og her er me med tredje utgåva.

Det er journalist Paul Breiehagen som har hovudansvaret for «Gamle Hallingdal» både i avisa og denne boka. På dette stoffområdet er Paul Breiehagen utan tvil «rett mann på rett stad». Få kjenner bygdesoga for Hallingdal betre enn han, i tillegg har han hatt bygdebøkene å stø seg til og ein del av stoffet har han fått fram gjennom samtaler med kjentfolk (til dei ymse bileta).

Det er vår von at me med desse hefta er med og reddar verdifull informasjon for ettertida.

Ål 20. oktober 1985.
Sigbjørn Tormodsgard

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *