Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

Rotvelta bjørk vart borte

På Kojan i Brekken bygde grenda seg bastu i lag. Det var i 1950- åra.

Ein dag var eit par folk ute og jaga dyra sine til beite. Dei bruka den gamle riksvegen frå før 1858. Denne vegen var nedlagt for lenge sia da ny veg var lagt.

Da kom dei til ei stor rotvelta bjørk som låg tvers over vegen. Kyrne gjekk ut av vegen og rundt rotvelta.

Mannen heitte Jakob, og han sa til kona Louise at den der bjørka høvde framifrå godt til bastuved. Da han kom heim att gjekk han til eigaren og tala med han om vindfallet. Han fekk lov til å ta bjørka.

Med sag og øks labba han iveg.

Det gjekk ikkje lang stunda før han kom attende, og no var han bleik. — I dag ha je vørre utsatt for nå rart — je ha alder vørre ute for nå sånt — bjørka æ borte. Det æ inte spor å sjå der bjørka låg.

Det var ei gammal kone i huset, ho skuva brillone opp på skallen og sa:

–    ”Vet dokk itt at smågubban tæ slikt så det inte synes da?”

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *