Internt referansenummer: 23.03.09 – A
Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER
Lars M. Fjellstad
I GRENDOM
Folkeminne frå Eidskog III
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 98
UNIVERSITETSFORLAGET
OSLO 1966
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese en kort biografi om Lars M. Fjellstad

 

Røvarar

Røvaren millom Magnor og Charlottenberg

Etter den gamle kongevegen millom Magnor og Charlottenberg kom ein storbonde ut for ein røvar. Bonden hadde vøri inni byen og hadde ein god slump med pengar på seg. Og dette hadde denne røvaren fått nyss i, og nå ville han rana karen. Difor kledde denne røvaren seg ut som ei tiggarkjerring med ein pose og stilte seg ved vegen. Og da storbonden kom køyrande, ropte tiggarkjerringa til han og bad om å få sitta på. Og bonden hjelpte denne skrøpelege kroken oppi vogna. Men dei hadde ikkje køyrt så svært langt før enn bonden la merke til at dette var noko anna enn ei fatig tiggarkjerring. Og han skjøna at det var best å bli kvitt henne så fort som mogleg. Difor lyfte han svepa si som ville han slå på hesten, men i det same let han ho gletta tur handa, så ho datt i vegen.

”Ta oppatt svipua!”

Og tiggarkjerringa steig ned etter ho, men da var bonden meir enn snøgg til å slå på hesten sin med taumlykkja. Hesten la av stad i kvassaste tråv, medan tiggarkjerringa vart ståande att i vegen. Da storbonden kom heimatt sine, så opna han denne posen som kjerringa hadde lagt att i vogna. Og der fann han ein stor og lang kniv.

Vi har prøvd å komme i kontakt med slektninger eller etterkommere etter Lars M. Fjellstad uten hell. Hvis noen som leser dette, kan komme med opplysninger som fører til at vi kan komme i kontakt med slektninger eller etterkommere, setter vi stor pris på om dere tar kontakt med www.historier.no.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.