Internt referansenummer: 23.03.09 – A
Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER
Lars M. Fjellstad
I GRENDOM
Folkeminne frå Eidskog III
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 98
UNIVERSITETSFORLAGET
OSLO 1966
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese en kort biografi om Lars M. Fjellstad

 

Røvarar

Tenestegjenta som miste mælet sitt

På Søstu Tollefsbøl var det ei tenestegjente som miste mælet sitt for lenge, lenge sidan. Og dette kom av at ho fekk sjå nokre karar som kom med ein drepen veskjytt. Denne var bunden på hestryggen, og desse karane hadde slegi han i hel millom Børrudbakken og Tollefsbøl. Og nå ville dei søkkja karen i Langtjenne, men der fekk dei han ikkje ned korleis det nå så hadde seg. Da dro dei til eit lite tjenn som heiter Dulpen, og der vart dei kvitt han. — Som nemnt så var det berre denne tenestgjenta på Tollefsbøl som såg dette, og med det same tapte ho melet sitt. Truleg kunne den eine tå desse røvarane noko og sette vondt på den stakkars gjenta.

Fleire år etter kom det ei fantekjerring til gards. Og ho spurde folka på garden kva det vanta gjenta av di ho ikkje sa noko. Og da nemnde gardkjerringa at gjenta var stum, og at slik hadde ho vøri i mange år.

Får je vera her i tre daer, så ska ho nukk bli bra att, sa fantekjerringa. Og det gav gardkjerringa ho lov til. Kva denne fantekjerringa gjorde med gjenta er det ingen som veit, men nok om det — gjenta ho fekk nå att mælet sitt, ho. Og den som var glad var sjølvsagt ho.

Vi har prøvd å komme i kontakt med slektninger eller etterkommere etter Lars M. Fjellstad uten hell. Hvis noen som leser dette, kan komme med opplysninger som fører til at vi kan komme i kontakt med slektninger eller etterkommere, setter vi stor pris på om dere tar kontakt med www.historier.no.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.