Internt referansenummer:B-April-2020
Kilde:
KYNNEHUSET
VESTEGDSKE FOLKEMINNE
Av: Peter Lunde
NORSK FOLKEMINNELAG VI
KRISTIANIA (NORSK FOLKEMINNELAG)
1924

RØVARAR

Der var ein flokk med røvarar som heldt til i Tjovheddaren under Toppaasfjedde paa sudvestsida av Øydnevatnet i Grindheim. Der skulde vera tolv røvarar i flokken. Dei kunde løyna seg i Tjovehole innanfor hellaren. Der kann sitja tolv mann i Tjovehole, men daa vert det trongstilt.

Røvarane kom til ei hjuringgjenta, ho stod og bles i bukkehorn. Daa steig ho upp paa dei store steinarne og bles so dei høyrde det heime paa Øydna:

Tirreli tirreli tova,
toll mann, toll mann, røvara i skoga.
Hunnann di hengje,
hjuringann di dengje,
kasta bjoddo hæst i tre,
stele burt bonens bufe!

Ein forteljar segjer ho bles so hardt at ho staup ned av steinen død.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *