Internt referansenummer:B-000023
Kilde:
Segn og tru – Folkeminne frå Møre
Samla av Martin Bjørndal
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 64
OSLO 1949
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese en kort biografi om Martin Bjørndal.

Røyster

Trua på røyster er ljos levande millom folk endå. Der ei røyst vert høyrd, hev folk anten late livet eller vore i stor våde. Det er desse våderopa som vert høyrde i langsamelege tider etter, helst fyre slikt ver som det var då ulukka hende.

På Garvika utanfor Lianes i Ørstafjorden høyrest ei slik røyst, seier dei som bur der umkring. For umlag hundrad år sidan kom der burt ein kyrkjebåt frå Grøyvik på Garvika, og det er då naudropa frå desse folka som høyrest helst fyre sydveststorm, som det var då vanlukka hende.

Utanfor Selbervik er der óg ei røyst etter nokre gutar som kom burt ein vinter dei kom heim or fiskja.

Ute på havet skal ein ofte høyre svære røyster. Der stig upp store bubler frå der dei umkomne ligg, og når desse bublene brest, høyrest ein óm som av naudrop. Ein gong i fiskja kom Lars Lianes siglande framum Flåskallen. Med det same høyrde han ei grysjeleg røyst som steig upp frå ei stor buble på sjøen. Han siglde burt åt, og då låg der eit lårbein av ein mann og flaut. Han tok beinet med seg heim og grov det ned på kyrkjegarden. Sidan den tid høyrde ein aldri meir røysta ved Flåskallen.

I Skorgedalen er óg ei fæl røyst som høyrest allstødt på same staden. Det skal vere etter ein som slo seg ihel i fjellet der. Den siste som høyrde denne røysta var Danel Sætre. Han skulde for nokre år sidan gå Skorgedalen til Buset; men det var so tjukk myrkeskodde at han heldt på å tulle seg burt. Då med eitt høyrde han røysta tett ved seg, og han fekk vissmun fyre kvar han var, so det varde ikkje lenge før han var framme. Ho var so sterk med det same, sa han, at det reint skar i øyro; men ho spakna litegrand um senn, til ho reint døydde burt i skodda.

I fureskogen millom Ørsta og Volda høyrest stundom ei skræmeleg røyst. Verst ute for den var ein gong Kolbein Sætre som ei natt kom frå Øyralandet med ei drift bukkar, som skulde til sæters. Då han kom på lag midt i skogen, kom røysta etter honom og remja so grysjeleg at bukkane flaug til alle kantar. Men han hadde ikkje for vel fenge sanka del igjen, so var skrymtet der att. Sistpå vart bukkane so uppøste at kvar gong røysta skreik tett ved, so reis dei på bakfoten og vilde stanga til henne. Slik heldt det på, radt til det lyste av dag; men då var han komen like fram i Åsen.

M.B. 1903

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *