Internt referansenummer: 11.03.2011 – II – BOK
Kilde:
EG MINNEST
Nils Sund
Klikk her for å lese en «minibiografi» om Nils Sund.
Nils Sunds forlag
Haugesund 1951
Nils Sund trykkeri, Haugesund
Klikk her for å lese innledningen

 

Så kom dampskipstiå

Dampskipe «Karmt» som John Hauge hadde bygd for John Valentinsen i 1872 forliste same åre. Ein del av parthaverane som ikkje hadde trygda, tapte penger og det skræmde folk så det gjekk 9 år før noken vågde å setta penger i dampskip.

Men då blei det kjøpt 3, i 1881. Nils J. Hauge kjøpte «Ingeborg», Brødrene Enæs «Nordland», Sundfør og Røthing «Stadt». Dette sista forliste og her blei ikkje kjøpt fleire før i 1888 då eks-portørane tok te å kjøpa dampskip for silda-farten. I 1898 var her 54 dampskip på omlag 21,000 n.r.t. i alt.

Dei fleste var gamle og mange lite å sjå på. Somme blei meir nemnde med utnamn enn med det rette. Men det var som ein rei’ar sa: «Du kan tia stillt, eg har tent penger med korkjen, eg».

Det blei fortalt at ein av båtane var så skrøpeleg i maskinen at dei ikkje fekk han te å stansa då han sku leggja te sjøhuse i Smeasunde. Han måtte gå 3 gonger rundt Risøynå før damptrykkje kom så langt ner at maskinisten kunne våga å stikka ei vedskia inn i maskinen for å stansa’n.

Det var vanskeleg å få utlærte maskinfolk te alle desse båtane. Somme fekk tak i go’e svenskar, men mange måtte hjelpa seg med halvlærte fyrbøterar og meir eller mindre utlærte smear.

Det var heller ikkje så likate for skiprane å skifta øve frå seil te damp. Dei fortalde om ein som hadde vore av og henta ein nykjøpt dampbåt, at han tørna bort i Vikjå. «Du måtte kome inn me’an» sa dei te’an på Sjømannsforeningen. «Komme inn med den! Det var da ikke nogen galeas heller»! svara kapteinen.

I den goa sildatiå i slutten av hundre-åre auka velstanden og mote. Det blei goe frakter for dampskip og der ville dei vera med som hadde interesse for skipsfart. I 1897 kjøpte H. M. Wrangell dampskipe «Corona» på 2600 t.d.v. og åre etter «Kong Håkon», 3500 t.d.v. Det var det største dampskipe i byen te Knut Knutsen O.A.S. i 1907 bygde sitt fysste store dampskip, «O. A. Knudsen» på 6000 t.d.v.

Det eine rederie etter det andra kjøpte og bygde nå framøve: B. Stolt-Nielsen, Ivar An Christensen, Chr. Valentinsen, Erich Lindøe, Brødrene Kongshavn og fleire, så her i 1901 var 80 dampskip på i alt 21,971 n.r.t.

Det var med skipsfarten som med sildaforretningane: alle hadde lyst å vera med og flåten blei derfor ikkje berre disponentane sine farty men «våre», haugesunderane sine. Det blei reine dampskipsfeberen.

Mange av dei heimkjøpte var gamle og skrøpelege. Det blei mange forlis og møkje sorg i byen, tyngst for dei som hadde ein av sine med på dei fem som aldri spurdest meir.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.