Internt referansenummer: B-28.03.2012
Kilde
TUSSAR OG TROLLDOM
Av: Kjetil A. Flatin (Klikk her for å lese om Kjetil A. Flatin)
Ved Tov Flatin (Klikk her for å lese om Tov Flatin)
Norsk Folkeminnela nr. 21

Kristiania
1930
Klikk her for å lese «Fyreordet»

Saave Vesterdal og tussane

Saave Vesterdal i Kvitseid var kjempekar, og dugeleg sterk og stor.

Tussane vanka jamleg i garden der, og det lika ikkje Saave. I stallen var dei au og stulla hesten, og dei smaug og smatt, kvar Saave kom, men aldri fekk han tak i dei.

So var det eigong Saave kom i lødo og vilde stulle hesten. Daa var det ein tussegut fyre honom der, og hadde esla ein høysvondul, som han vilde inn til hesten med.

No treiv Saave fatt i honom, og var sinna og vond, forplikta seg paa det, at han skulde slaa honom spent ihel. Tusseguten bad for seg, so fint han kunde, og lova, at han aldri skulde koma i garden der meir, um han maatte sleppe no. Saave lest aldri høyre det, men slo og skvette tusseguten reint uvitugt. Innadynns hadde ikkje tussen vidare magt til aa taka att. Men sistpaa fekk han smette paa dynni — daa var han berga. Saave la etter ut au, men daa fekk han anna finne. Tussen tok honom, og banka honom upp, so han var mest klar, daa han slepte honom.

Saave vart reint helsetekin, og hadde ikkje ein god livedag sea. Tussen lova honom vonde livedagar au, daa han reiste. Sjukdom og motgangar skulde fylgje honom alle dagar sea.

So gjekk det. Saave fekk vonde sjukdomar og plagast fælt. Ingin visste um detta med tussen, førr Saave fortalde det daa han laag sjuk.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *