Kilde
ATTOM FJELLOM
AGDER I SEGN OG SOGE IX
Av Magnus Breilid
MANDAL 1973

«SABATSOVERTRÆDELSE I EVJE»

Den 15. og 16. oktober 1683 var der innkalla ei rekkje bønder til Hornnes ting. DeI var skulda for «sabatsovertrædelse» fordi deI 3. pinsedag med hest og folk under gudstenesta reIste til Kristiansand. Dei innkalla kunne ikkje nekta for dette, men dei var nøydd til å reisa fordi dei vanta mat til huslyden. Ein av bøndene, Askild Kalhofd, hcvda ellers at ein kunne ikkje rekna 3. pinsedag for sabbat, og dei andre, Olluff Lauritzen Kalhofd, Suenche Seenum, Olluff och Simens sønner i Holdtet, Thollef Mosei, Omund Moseis stivson, Salfue och Halfuor i Monen bad om nåde denne gongen og lova at dei ikkje «sligt meere skulde öfue».

Men futen våga ikkje å sjå i nåde til desse som hadde handla imot kongeleg påbod. Dei blei derfor pålagt å bøta 3 ort kvar for «helligbrøde», og handla dei på nytt mot påbodet, då skulle dei òg «utstå kirchens disiplin».

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *