Internt referansenummer: 16.06.09 – A
Kilde:
GARD OG GREND
FOLKEMINNE FRAA ØSTERDALEN I
NORSK FOLKEMINNELAG III
Av:
SIGURD NERGAARD
(Klikk her for å lese om Sigurd Nergaard)
KRISTIANIA (NORSK FOLKEMINNELAG 1921)
Prenta hjaa Johansen & Nielsen

Sæming Midtsjøen

Han og bror hans dreiv paa fjella millom Østerdalen og Gudbrandsdalen og levde taa fisking og røving. Den eine vart no kjed taa dette livet og flutte til Nordland; men den andre, han Sæming, vart att. Naar han ikkje var ute paa røvarferd um vinteren, laag han inne i ei bu han hadde burt med Midtsjøen og dreiv med utskjering og slikt, for han var so makelaus flink til aa skjera i tre. Og so gjekk han kring i bygdene og selde. Men vart han matlaus um vinteren, braut han seg inn paa sætrane og stal, helst paa gudbrandsdalssætrane.

Ein surnar i vinna daa alt folket var paa sætra og slo, kom han til Atnosen og skulde stela. Han Gammel-Haakaa Skulemester fraa Rendalen laag der, og so var gammel-kjerringa heime med eit lite barn. Elles fanst det ikkje andre heime paa garden. No hadde gammelkjerringa pengane sine i eit skrin under høggjerda. Dette visste han Sæming um, og so skulde han dit og stela deim. Fyst drog han inn paa loftet og saga ut eit firkanta hol i loket paa ei kiste og for igjenom den. Drog so inn og skulde ha tak i pengeskrinet. Men skulde han faa tak i det, laut han fyst drepa baae dei gamle, og hadde sverta seg i andlitet. Daa han tok i dørklinka og skulde gaa inn fekk han høyra veslebarnet skreik. Daa tok han til aa tenkja seg um. Aa drepa dei gamle kunde han til naud gjera; men daa vart veslebarnet liggjande att hjelpelaust, og ikkje hadde han hjartelag til aa drepa det hell. Daa gjekk han att med det som var. Dette tala han sjølv um seinare.

Folk tolde honom i lengste laget; men til slutt var det so reint for mykje taa denne stelinga hans, so dei laut samla seg og jaga han som eit dyr uppaa fjellet. Men han var stødt so rask, det var mest raadlaust aa koma inn paa ‘n, til dei endeleg ein gong kom paa ‘n inn ved Slaabu. Han hadde røvd sumarmaten paa Gurinstadsætra (under Ringebu), og daa hadde Gunnsta’n faatt med seg lensmannen der, og so fekk dei ringa han, so han saag det var raadlaust aa koma undan. Daa kraup han inn i ei høyløe, hogg ein to-tri teljeknivar i veggen att med seg og stakk fram børspipa. Lensmannen spurde tri gonger um han vilde gjeva seg; men han svara at kom dei, skulde han hogga kniven i deim. So skaut dei aat laaret paa ‘n, so dei ikkje skulde drepa ‘n. Men skotet tok nok hardt likevel, for det «røt stygt ti ‘øm da døm treft ‘n.» Han levde so lenge dei fekk frakta han aat Ringebu; men der døydde han med det same dei kom fram. Dei spurde kvar han hadde tjuvodgset sitt, og det hadde han mura ned uppi Finnsjøfjella, sa han.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *