Kilde
GLYTT AV GODTFOLK
Einar Ullestad
Klikk her for å lese "Føreordet"
Rune Forlag, Trondheim 1971
Prenta av Nidaros Trykkeri
ISBN 82-523-0028-6

SÆRSKATT

Han Knut hadde bede gode vener til jolelag. Då dei kom til gards, stod
han sjølv framfor flora og tok imot gjestene sine. Sola glytte frami
Bordals-skardet og sende varme strålar mor dei.

Då sa han Jakob, ein av gjestene:

– Du Knut skulle ljota betala luksusskatt du fy dan fina utsiktæ di.

Komne til bords, seier han Knut:

– Du Jakob meinte at eg burde betalt luksusskatt for den fine utsikta
eg har. Men er du vis med at du har so fin kjerring at du burde betalt
luksusskatt fy henne, du.

– Ja ja, svara han Jakob stolt,
– Ho æ blank solæ, men ho æ kje alttid like varm.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *