Kilde:
I SKREDDARTIMEN
Folkeminne frå Gauldalsbygdene
Jens Haukdal
OSLO 1961
Universitetsforlaget
Med spesialtillatelse fra slektninger

Såg kyrne til tussane

Ei kone frå Snøangrenda i Støren var sætertaus på ei sæter ved Gjevilvatnet i Oppdal. Ho såg meir enn vanlege folk. Heile sommaren såg ho blåkallane vatna kyrne sine i bekken ved sætra. Det var så fine og feite dyr, og oksane deira var så store og argsinte. Somme gonger såg det mest ut til at det skulle bli kamp med oksane frå sætra og ein av tussoksane, men det bar aldri ihop.

Ein dag med heimefolket var på sætra vart det slik bøljing og stygg raut på oksen. Han grov i markg så jordspruten sto og sette hovudet ned i ei tuve så han vart heilt svart av jord.

–    ”Han ølmes på ky’n åt blåkallom att no,” sa sætertausa.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *