Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

 

Såg ljoset gå over tunet

Ein mann frå Galåen låg borte på skogsarbeid. Om kveldane sat karane og smakla og smia på ymse småting. Emne hadde dei funne ute i hogsten. Det kunne vera ei turu, ei ause eller ei treskei.

Ei veke la han merke til at kårane hans berre la seg i kors på golvet. Heile golvet var fullt av kors. Til slutt var det heilt nifst med alle korsa.

Han for heim til helga. Det var lenge før Aursunden var regulert og vegen gjekk etter elvaisen frå Røros. Da han kom opp frå elva og tok fatt på vegen fram til heimegarden såg han eit bart ljos gå frå fjøset og inn i stova.

Han nevnte dette da han kom inn, men ingen hadde vore ute. Ein sju års gut var ikkje heilt frisk. Gammaldoktoren hadde orda frampå om at det måtte vera giktfeber. Gutten døydde denne natta. Dette hende i 1915.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *