Kilde:
I SKREDDARTIMEN
Av Jens Haukdal
Folkeminne frå Gauldalsbygdene
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 87
OSLO 1961
Universitetsforlaget

Såg tussane med ho gjætte sauene.

Kring siste helvta av førre hundreåret bruka bøndene i Haukdalsgrenda å ha sauene med til setra, men før dei vart jaga med til fjells, måtte ein gjæte dei heime. Dette arbeidet gjekk på omgang, og det var husmennene som hadde dette arbeidet.

Halgutugardane har vori aude etter krigsåra og det mykje omtala «Storkleinåret» 1812. Mange segner og legender verserer kring desse gardane og utslåttane under dei. Litjløkkja og Hansmarka har vori omtala som tilhald for tussar. Her var det ei husmannsjente gjætte sauene på tur for far sin. Det lei mot kveld og snart skulle ho jaga sauene heimetter. Med eitt hørte ho nokon koma gåande etter ein sti. Ho hørte kor dei småprata og knissa og lo. Og der kom fem bittesmå blåkledde kallar gåande. Dei prata i veg, men ho skjøna ikkje det kvekk av det dei sa. Ho stod lenge og såg etter kallane til dei vart borte bak ein sving. Men så vart ho redd og jaga sauene heimetter, enda det var i tidlegaste laget.

Seinare hadde ho lite hug til å ferdast i Litjløkkja og Hansmarka åleine.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *