Internt referansenummer: 29.04.2011 – B
Kilde: norske sagn
Redigert av: DR. PHIL. R. TH. CHRISTIANSEN
Forord av: PROFFESOR DR. KNUT LIESTØL
Samlet ved ALLERS FAMILIE-JOURNAL
H. ASCHEHOUG & CO (W.NYGAARD)
OSLO 1938
TEGNINGER AV ASLAUG TRANHEIM OG SVEIN BURAAS
OMSLAGSTEGNING AV HENNING GRAN
Klikk her for å lese “Forordet”.
Klikk her for å lese “Innledning”.

Sagn om Hellig-Olav

Segn frå Lista

Ein dag i skoleåra rodde eg med far min inn Framvaren. Da me kom utfor Hestesprangodden, stana far roinga,   og peika med åra op i bergknausen og visa meg tydeleg merke etter hest i steinen ei mannshøgd over vannflata. Der stod, og stend den dag idag, tydeleg spor etter ein hest som er kommet byksande i fullt firsprang. Fotstillinga er akurat som når hestar kjem ned etter eit langt hopp. Og det ser ut som farten hev vore so stor, eller fjellet so mjukt, at heste-beina seig nedi omtrent tri tumar. Størrelsen av spora og forma er akurat den vanlege, — jamvel undersida av foten er tydeleg teikna, berre spora av bakføtene er noko ihopdregne som fjellet skulde ha vore mjuk leire.

Eg spurde korleis dette kunde ha seg, og han svara: — Det kan eg inkje forklara deg, guten min, men det hev gjenge segn om at det er blitt til soleis: Hellig Olav kom ridande frå Hira gjenom Kjerringdalen på veg til Lista. På båe sider av dalen er høge fjell, og trolla der for etter han og vilde drepa han, for han var kristen. Olav rømde unda. Då han kom til Bøensneset som du ser på andre sida av fjorden, spora han hesten sin so han hoppa frå berghamaren der, tvers over fjorden og kom ned her. Dette er spora etter hesten hans. Fjorden er tvo-tri hundre meter brei her. Frå den tid har odden her og den vesle husmannsplassen du ser op i bakken, hatt namnet Hestespranget.

Borte ved Haugenes på Bøensida ser du ein stor stein, på lag som eit i 15 — 20 meter høgt tårn. Det var eit av trollene som vilde ta Olav, men han gjorde det om til stein. Han liknar mest ein prest med kappe og krage på, og av den grunn er det vel folk hev gjeve han namnet Presten.

No ruvar ikkje Presten stort, for då dei seinare la ny kjøreveg gjenom Bøensfjella, laut dei sprengja ned det meste av han.

Frå Lista, ved G. Frestad, Fredrikstad.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *