Internt referansenummer: 26.09.2011 – BOK
Kilde:
DRAUGEN SKREIK – Tradisjon frå Lofoten
Dagmar Blix
(Klikk her for å lese om Dagmar Blix på Wikipedia)
(Klikk her for å høre utvalgte kåserier av Dagmar Blix på NRK)
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER NR. 93
UNIVERSITETSFORLAGET – OSLO – 1965
Klikk her for å lese ”Føreordet”.

Sagnet om Mosken og Stokkvikmulen

Det budde for lenge, lenge sia eit einsleg troll langt ute i havgarden, det var Mosken. Denne gubben var så lei av å vere einebuar, han ville finne seg ei brur. Det var nok av trollkvinnfolk i den tia. Troll og trollkjerringar, risar og gygrer sto på rad og rekkje — som ein enno kan sjå det i Lofoten.

Men det var berre ei han ville ha, det var den fagraste av alle Festhellmøya. Ho sat på den høge, gilde stolen sin tett attmed Hamnøya, der ein enno kan sjå henne. Men så var det om ho ville ha den gamle trollgubben ? Det var ikkje anna råd enn å røve henne. Det vart vel ikkje så lett, for brørne hennar som var mektige troll og risar, hadde bygd sterke borger med både tårn og spir til vern for den fagre møya. Sjølv sat dei og der og heldt vakt.

Stokkvikmulen er ein stygg risehovding på yttersia utanfor Reine. Ein dag han var på heimtur frå feske møtte han Mosken. Dei kom i prat, og Mosken klaga over kor einsleg han var og fortalte kem han hadde tenkt på til brur. Ja-a, Stokkvikmulen skjøna han så godt, han hadde sjølv og eit godt auga til den same trollmøya, så det var ikkje så reint utenkjande at han kunne hjelpe han å få tak i ho, — på det vilkåret, sjølvsagt, at dei skulle eige henne ihop. Ja, det var Mosken med på. Så vart det avtala at Stokkvikmulen skulle halde eit gilde og be isaman alle trolla der vest. Men mjøden han skulle skjenke dei med var ein trolldomsdrikk, så alle skulle sovne. Alt gjekk som dei to trolla hadde planlagt. I den stille, klåre vinternatta sov alle trolla tungt, medan Stokkvikmulen heldt vakt. Så tok han til å blakre med vindlyset, og det var teikn på at Mosken skulle kome og hente brura. Når han kom så langt som til Glåpen bortmed Sørvågen, skulle Stokkvikmulen bere den sovande Festhellmøya rett i fanget hans.

Men Mosken kom aldri så langt som til Glåpen. Han var så tung og seinføtt av seg at det tok tid før han vann seg fram. Då han var midt imellom Værøy og Lofotodden, sette han seg ned og skulle kvile. Han sovna medan han sat der og sov både vel og lenge. Då han vakna, var han både stiv og sterven, og då fekk han anna å vite. Reinebringen, den eldste av brørne til Festhellmøya, han var no så lettsøvd av seg. Han vakna av trolldomsdvalen og vekte dei hine trolla. Dei vart rasande då dei såg den ubedde gjesten som var komen så nær dei. Og dei skjøna nok kva ærend han var ute i. Så blåste dei trolldomseld på han og gjorde han til stein, og kring føtene hans skulle havet alltid fosse og koke. Slik vart Moskenesstraumen til.

I den aular det av havfruer, draugar, marmeler og fegdkobbar som gaular og syng og skrik gjennom bårelarmen. Det kan folk enno høyre når vinterstormane raser.

Med Stokkvikmulen gjekk det ikkje stort betre. Til straff for svikferda hans rispa risebrørne eit sår frå høgre hofta og opp til vinstre aksla på han. Så tok dei han med ut til Stokkvika og gjorde han til stein. Der står han og luter seg ut over havet. Den dag i dag han alle sjå han der, og såret er ei stygg reve i fjellet.

Det er spådd at Stokkvikmulen eingong skal ramle i havet. Det skal hende tre dagar etter ei solformørking, og det skal bli ei så svær flobåre av dette fallet at ho skal nå frå Røst og heilt opp til Gaukværøy i Vesterålen. (Flakstad.)

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *