Internt referansenummer: B-28.03.2012
Kilde
TUSSAR OG TROLLDOM
Av: Kjetil A. Flatin (Klikk her for å lese om Kjetil A. Flatin)
Ved Tov Flatin (Klikk her for å lese om Tov Flatin)
Norsk Folkeminnela nr. 21

Kristiania
1930
Klikk her for å lese «Fyreordet»

Sakris Gravdal og bukken

Sakris Gravdal i Brunkeberg livde kring midten av 1700-tale. Han var skulehaldar i Aasgrendi og hadde ord for aa vera mykje klok. Kjempekar var han au, heittest det.

Ein kveld kjem det ein gjeitebukk stigande inn i stogo paa Gravdal. Han var eit ovting so stor, hadde lange fæle hann, og so serums kjøn paa lage, at ingin hadde sett likin.

Sakris undrast paa detta, men treiv ‘n so i honni og vilde leide ‘n utatt. Men bukken baud av, han, og heisa Sakris upp og ned under take nokre vendur paa dei lange honni sine.

Sakris vart hakkande sinna, han heldt seg god kar og tofte slikt var harmeleg, at ein fillebukk skulde raada med ‘n som ‘n vilde. Ikkje vilde ‘n fire, og slepte ikkje det take ‘n hadde i bukkehonni, og stundom var ‘n nedpaa golve og stundom upp under take. Soleis bendest han og drogs med bukken heile notti. Daa det tok til ljosne um morgonen, vart Sakris glosande inni augo av bukken, og saag det tindra som glodande varme. Han hadde ikkje gått detta førr og kvakk so ‘n ropa: «Jøssu navn!» I det same kvorv bukken burt millom hendane hans og vart aldri meir aa sjaa.

No fysst drog det etter for Sakris, og han skyna, at det var sjave satan han hadde vori i kast med.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *