Internt referansenummer: 11.03.2011 – II – BOK
Kilde:
EG MINNEST
Nils Sund
Klikk her for å lese en «minibiografi» om Nils Sund.
Nils Sunds forlag
Haugesund 1951
Nils Sund trykkeri, Haugesund
Klikk her for å lese innledningen

 

Samferdsel te lands

Skjoldavegen blei bygd i 1859-61. Her var ikkje gater då, men han gjekk opp frå sjøkanten på Torjå, sør der som Strandgatå er nå, opp Nils Skorpensgatå, sør forbi meierie i Sørhauggatå, opp Kaigatå ,innøve forbi Vårsildfondets sjukehus (nå Husmorskulen), øve Djupaskar te Ølen. Djupaskar var tungt både for folk og fe, men det gjekk 42 år før vegen blei lagt om (i 1903). Då fekk den nye vegen namne «Skjoldavegen» og den gamle namne «Djupaskarvegen», men me sa lenge «Den nye Skjoldavegen» og «Den gamle Skjolda-vegen».

I 1855 gjekk byen og Skåre saman om å byggja kjerka nord på Haugå. Etter som det er sagt meg hadde kvar gareigar i Skåre og kvar huseigar i byen fast plass, «Stolestad», for sin huslyd. Benkene var skilde frå kvarandre med faste vegger som dei ennå er, te midtgangen var dør og innom den torde ingen koma utan dei ble bedne inn av ein som hadde plassrett. Eg har som eit minne om at det var vanleg å sleppa folk inn, dersom det var plass i ein stol når presten var komen for altere.

Foreldrene mine blei vigde i Skårekjerkå i 1862. Då var her hverken kjerkeveg eller vogn. Tittels-nesvegen blei ikkje bygd før i 1869. Mor fortalde det var skikken då at gjestene samla seg i bryllups-huse og gjekk derifrå te kjerkå, par om par, arm i arm, med brur og brudgom i spissen. Brylluppe deiras sto i Kolstøhuse i Strandgatå (nå Houeland sitt). Brurafylgje gjekk ner «gatå», svingde om Skorpehjørna (nå Bernt Svelland) og fylgde så den gamle Skjoldavegen opp forbi sjukehuset (husmorskulen). Derifrå tok dei ein gongestig nordøve te kjerkå.

Som vel var hadde dei godt vêr. Men me kan tenk ja oss koss dei hadde det som traff på ein uversdag. Då blei det vel ikkje stor stasen med kransen og sløre.

I 1877 blei Salhusvegen opna av sjølve amtmann «von Munthe af Morgenstierne». Det sto meir age av ein amtmann då enn av ein fylkesmann nå. Me hadde ei gamal herma: «La kongen koma, han e ingjen amtmann».

Det var stor høgtid og på Jonassens hotel sku det vera festmiddag. Madam Maren Jonassen var kjend land og strand for den goe maten sin og nå ville hu by på noke utifrå, på gåsesteik. Men gjeser var sjeldne fuglar og hu hadde ikkje fått nok. Far min hadde to som me sørhaugungane held møkje moro med. Dei måtte hu få og det blei stor sorg på oss.

Då vegen var opna kom det hus på austsiå, sørøve te Landmannstorjå. Frå nord bygde snik-kermeister Meling, blikkslagar Andersen, kæmnar Manger, kaptein Alveberg og metodistane. På vestsiå bygde skræddar Nils Dueland. Frå før sto hjørnahuse i sør (nå Adolf Hornelands). Det var ei tid «Hotel Harald Hårfager».

Nå var her 3 riksvegar, men bøndene var likevel vanhjelpne. Så lenge dei ikkje hadde bygdevegar og veg frå hus te annan veg, kunne dei ikkje bruka kjøredoningar. Dei måtte som før gå te byen og bera på ryggen det dei hadde å selja og det dei sku ha heim. Eller ria. Eg hugsar Ola Kolnes, morbror hans far; han rei øve heiå og sette hesten inn i gåren vår. Då fekk me ungane sitta på hestaryggen og det var moro.

Etterkvart kom det sievegar og då blei det alslags kjøregreier. Anen Sørhaug var den fysste på desse kantane som kosta seg hjulkjerra. Han fekk seg ei moldkjerra. Han budde der som Dahls kafe er nå og tett vestom i gamlehuse budde sonen, han Gaut Sørhaug. Hans hus står ennå, Asjell Lande brukar det te lager.

Innøve bygdene var det mange som tok te å laga alle slags kjerrer: moldkjerrer, stolkjerrer, karjolar, giggar og triller (4-hjulte vogner). Vatsbuane hadde ord på seg for å vera sers flinke vognmakerar.

Så ble det ordna med skyss-stasjonar og faste takster. Den fysste skyss-skaffaren i byen var Lars Steensland. Seinare fekk me ein te, Ola Sal-tveit. Utøve bygdene var det vanleg at gjestgjeverane var skyss-skafferar. Eg hugsar at karjolskyss herfrå te Aksdal kosta 2 kroner.

Nå kunne me koma lettvindt fram på landjorå og, te nærmaste bygder, men største ferdselen var framleies mellom byen og sjøbygdene.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.