Internt referansenummer: 11.03.2011 – II – BOK
Kilde:
EG MINNEST
Nils Sund
Klikk her for å lese en «minibiografi» om Nils Sund.
Nils Sunds forlag
Haugesund 1951
Nils Sund trykkeri, Haugesund
Klikk her for å lese innledningen

 

Samferdsel te sjøss

Bønder kom i båt lika frå Bokn, Sjernarøyane og Finnøynå med poteter, kjøt, flesk, smør, ost og sur mjelk. Dei frå nærmare bygder kom med same slags varer og søt mjelk. Det var vanleg at husmødre gjekk ner på sjøhus og bryggjer og kjøpte mjelk, søt for 10 øre literen og sur for 3.

Far min kjøpte ein liten open dampbåt som han sette i rutefart mellom byen, Tysvær, Dalen og Visnes koparverk. Båten heite «Nidelven» og var den fysste dampbåten i Haugesund. Han kom for ti’leg. Folk hadde god tid men lite penger. Korfor sku dei betala for skyss med dampen, når dei kunne gå, ro og seila fritt? Så blei «Nidelven, seld og det tok lang tid før noken vågde på å ta denne trafikken oppatt.

Den fysste lokalrutebåten då, var visst «Rapp». Seinare kom litle «Karl», som gjekk mellom byen, Vikjå og Dalen. Han fekk namnet «Ka’l i Vika» etter ein populær redaktør av «Kjæftausa» i skjemtebladet «Vikingen». Ei tid etter sette avaldsnesbuar i gang ruta med «Avaldsnes» og då han sokk sør med Salhus kom torvastadbuane med «Torvastad».

Mellom Bergen og Stavanger gjekk hjulbåten «Ryfylke», men det var visst berre ein gong i vekå. Eg hugsar han ei tid var innom her kvar sundag ettermiddag kl. 3 og om våren fylgde ungdomar med te Salhus og Koparvik på lysttur. Då «Ryfylke» la opp, kom «Haukeli» i sta’en.

Haugesunds Dampskipsselskap starta i 1878 og kjøpte dampskipe «Mandal», som blei døypt om te «Karmsund». Det var billeg å reisa då. Lørdagstur te Stavanger med heimreis mandag mårån kosta kr. 2,50 på fysste plass. Eg var ein gong med mor mi på såvoren lysttur. På Boknafjoren møtte me Wilson-båten «Eldorado» i fun fart nord-øve. Det blei snakk om koss det kunne ha seg, for det var utanom rutå hans. Men i Stavanger fekk me høyra at Ole Bull låg dødssjuk ombord og ynskte å få døy heime på Lysøy. Derfor kappgjekk «Eldorado» med døden, og greidde å koma tidsnok fram.

På denne Stavangerturen fekk eg reisa med jernbane for fysste gong. Me tok ein tur te Sandnes for å prøva koss det var. Ei dama sa me måtte halda oss fast «for han rykkje så med det same han går». Me held oss fast og det gjekk vedun¬derleg.

Det var smått stell med fyrlys på kysten og derfor gjekk ikkje dampskipå om nettene. Dei som reiste herfrå om mandagen, måtte rekna med at dei ikkje kunne vera i Kristiania før om lørdagen.

Etterkvart auka det med ruteskip, men det var så leit med det, at her ikkje var kai som dei kunne leggja te. Ekspedisjonen gjekk for seg frå båt, enten inne i sunde eller ute med Garpaskjær. Det var ofta surt og ulikleg både for dei som reiste og dei som ekspederte.

Så tok sørhaugbuane seg på, tak og samla inn penger te kai utafor Kaigatå. Med eit lån attåt greidde dei å skyta ut Kaibakken og byggja ein trekai (sørekaien) og det var eit stort framsteg. I kriseåre 1886 kjøpte kommunen kaien for resten av låne, 3 669 kroner.

På denne kaien ekspederte R. Efjestad Hardan¬ger-Sunnhordlandske-båtane og Frithjof Eide Stavanger-båtane. Men Konrad Johnsen ekspederte sine på sunde te han fekk ferdig sin eigen trekai (nore-kaien). Der la «Karmsund» og Arendals-båtane te.

Bergenske og Nordenfjeldske-båtane kom ikkje inn. Kortanes stakk lenger ut då og dei meinte at innløpe var for smalt og at sunde sør med Hønå var vel grundt. Der blei mudra i 1881. Me gutungane lurte oss te å kikka på dykkaren, men me var ikkje svært vågelege. Me trudde han var vondemaen og då var det best å halda seg litt unna. Seinare blei Kortanes-pynten skoten vekk og då kunne alle rutebåtane kome inn, dersom der hadde vore plass. Men det var der ikkje lenger. Det hadde auka så med trafikken at dei to tre-kaiane var for små. Me måtte ha ny kai, men kor? På Garpaskjær? På Skagen? På Litlasund ? Kvar kava for sin plass ettersom dei budde nord eller sør i byen. Men så brende sjøhuså nere på Torjå og då var dei fleste med på, at der måtte kaien liggja.

Denne brannen er den største som har vore her i byen. Det var middagstid sundag 23. juli 1899 det tok te å brenna på nore siå av Torjå. Det hadde lenge vore fint ver og var så den dagen Og. Sjøhuså som var av tre, var knuskturre og gav god nøre for elden. Det bles ein liten nordaust bris, men flammehave laga så sterkt vinddrag at brennande bordendar fauk øve Karmsunde og sete fyr på høysåter på Kartalande. Det tok ikkje lang tid før alle 12 huså sørøve, te og med mitt (Efjestad sitt nå) sto i lys loge.

Det blei te det at kommunen ville ekspropriera halvt eller heilt av eigedomane våre. Me, eigarane, ville ha ein innanbys sakførar te å ta vare på våre interesser, men nei takk — ingen ville. Eg blei send te Stavanger for å søkja hjelp og gjekk opp te sakførar Jakob Vik. «Eg har’kje tid», sa han. «De treng ikkje reisa utanbys etter juridisk hjelp som har så mange dugelege sakførarar heime». «Me har spurt alle, men ingen yil ta det på seg». «Det e’kje sandt»? sa han. «Jau». «Eg skal koma».

Det var dei i bystyre som ville byggja trekai. Men då spelte Erich Lindøe opp: enten steinkai eller ingen kai. Og så blei det steinkai.

Då kaien var ferdig kom alle rutebåtane inn og det blei vanleg kveldstur for byfolke å gå på kaien når Oslo-båten kom klokkå ti (tibåten).

Det var så frå, fysst av at kjørerar eller bererar passte på å få opp te handelsmennene dei varene som kom. Dei tok ein 100 kilos mjølsekk på ryggen og bar han opp på krambuå eller pakkhuslofte for 10 øre. Det blei seinare te 25 øre og då Undebakken kom med ein sekk te ein handlar spurde denne: «Ka ska du ha for det?» «25 øre». «Det e for møkje. Her har du 20». Undebakken sa’kje eit ord, tok sekken på ryggen og bar han ner i gjen.

Av gamle kjørerar hugsar eg Hemmingsta’en og Andreas Didriksen. Dei fylgdest i mange år og hadde det mesta av varetransporten. Mathias Steinsnes kjørte frå Efjestad sin ekspedisjon. Nils Stødl og Per Garå kjørte kol og ved. Dei rusla framanfor hesten med taumen i neven, snudde seg mot hesten av og te, riste litt på taumen og mumla: «Hytt, vil du gå». Og så seig dei viare. Dei hadde ikkje hast. Det hadde ikkje telegrafbud Folkedal heller. Han var gamal og skrøpeleg te fots.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.