Internt referansenummer:B-000020
Kilde:
GAMLETIDI TALER
GAMAL VALDRES-KULTUR I
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1936
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å les om Knut Hermundstad

Sankt Ola-segn frå Gudbrandals-fjelli…

(«Skogin» fortel)

Umlag ein kilometer sør for Leira i Nord-Aurdal ligg den gamle kapteinsgarden Skavelden. Her er det gamal sogegrunn. Nede ved kongsvegen stod Systertelladn. Det var tre furor som — etter segni — skal vera planta av heilag Olav då han for gjenom Valdres på kristningsferd. Berre den eine står no att med nokre sprikjande, halvturre greiner.

I nyare tid — i all fall frå 1814-1878 — var Skaveldadn kapteinsgard. Og rett ein storgard var det. Den tid høyrde ei 10-12 husmannsplassar til garden. Ein av desse heitte Skogen, og her vart «Skogin» fødd 27. juni 1847.

Etter å ha besøkt han og snakka med han om «gamletidi», sette eg meg trast te skrive upp det meste av sogone. Her er ei av dei:

Teslutt spurde eg um det i Aurdal gjekk nokor segn um Sankt-Ola Ikkje mange det eg veit. Eg kann laga St. Ola-speningar, og so har eg høyrt ei segn som lyder so:

Austpå Gudbrandsdals-fjelli kom ein gong St. Ola i trette med nokre bønder um eit fiskevatn. Men den gongen tapte St. Ola og laut ut med ei verd på 1 800 dalar. Men han trøysta seg med å seia:

«Å ja; men endå har e att sylgjudn mine!»

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *