Internt referansenummer:B-000020
Kilde:
GAMLETIDI TALER
GAMAL VALDRES-KULTUR I
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1936
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese om, og se bilde av Anne Torsteinsdotter Hermundstad


Sårke i munnen

Anne Torsteinsdotter Hermundstad fortel


Sårke i munnen hadde eg ofte med eg var liti. Då sa dei at fekk eg berre tak i gullringen åt presten te gnu meg med i munnen, skulde sårka bli burte.

Presten var ofte på Gridhamar. Ein gong fekk me ogso lånt gullringen hans te gnu meg med. Men um det munte, hugsar eg ikkje.

Det var ogso ei onnor råd for sår i munnen. Ein skulde få lånt kristnefatef or kyrkja og lata ungane som var såre i munnen, drikke tå det. Då skulde dei bli gode att. Det var ofte dei gamle fekk lånt kristnefatet te slikt bruk. Besteforeldri mine på Øye passa kyrkjelykelen, so dei hadde nok greie på det.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *