Internt referansenummer: 23.03.09 – A
Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER
Lars M. Fjellstad
I GRENDOM
Folkeminne frå Eidskog III
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 98
UNIVERSITETSFORLAGET
OSLO 1966
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese en kort biografi om Lars M. Fjellstad

 

Sefri Hytta

Hen Setri Hytta, eller rettare Sefri Sandbakken, var frå Lauvhøgda. Han slo seg ned der det nå heiter Sandbakken. Kjerringa og han hadde ikkje anna enn ei jordhole å bu i saman med den einaste kua dei åtte. Og her i denne hola vart fyrste barnet deira født. Sidan fekk han Sefri tømra opp ei stue.

Ein dag hadde ein stor hønsehauk slått seg ned på ei høne, men han Sefri var snøgg og greip hauken over vengene.

– Ser du den, du? sa han Sefri og sette hauken mot låret på kjerringa. Fuglen hogg klørne i låret hennar så ho dåna. – Han Sefri laut ta kniven og skjera fuglebeina av for å få fanten laus.

Ein kveld han Sefri sat inne, kom det ein bjønn ruslande om Sandbakken. Og denne bjønnen slo i hel ei kvige for han, men dette visste han Sefri ikkje noko om. — Ei stund etter kom bjønnen framom døra, og han Sefri gjekk ut. Han ville sjå kven det var som tusla ute. Da han fekk auge på møtassen, sto gubben fort att døra og mulla:

– Huffa mæ, det var bjønn!

Han Sefri skulle vera så god til å gå på skeiser. Ein gong han skeisa over Asksjøen, så kom det ein full svenske køyrande på ein tomslede. Svensken banna og slo på hesten, som flaug alt han orka. Det gjekk mot ei lita gjente som var åleine ute på sjøen der. Dette såg meir enn stygt ut. Skulle den vesle gjenta bli nedkøyrd? Nå var han Sefri ute i rette tida. Han gjekk på alt han vann, og han fekk tak i den vesle før hesten sprang ho ned. Ja, det var godt gjort! Og etterpå heldt han Sefri gjenta i armane sine, medan han hoppa over draget millom hesten og sleden.

Ein kveld han Sefri sat og las i bibelen sin, så kom det inn ein kar frå grannelaget. Han Sefri sette peikefingeren på teksta, medan han sa:

– Je tar dæ på ein 3-skilling!

Den andre nikka og lo. Bibelen gjekk på hylla, og kortleiken kom fram. Han Sefri var så over seg glad i å spela kort, ser du.

Han Sefri hyste stortjuven Ole Pedersen Høyland i ikkje mindre enn 3 viker. Det var strast etterat Høyland hadde røva Noregs Bank og vart skoten i beinet. Høyland hadde med seg mange pengar den Bongen. Frå han Sefri tok Høyland vegen innover til Christiania att. Stortjuven Ole Pedersen Høyland var kjend så vide av di han stal frå dei rike og gav til dei fatige.

Vi har prøvd å komme i kontakt med slektninger eller etterkommere etter Lars M. Fjellstad uten hell. Hvis noen som leser dette, kan komme med opplysninger som fører til at vi kan komme i kontakt med slektninger eller etterkommere, setter vi stor pris på om dere tar kontakt med www.historier.no.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.