Internt referansenummer: 16.11.10 – A
Kilde:
LIFJELL I FARNE TIDER
Ei kulturhistorisk bok i samband med 20 års jubileet for Lifjell grunneigarlag
Av: HALVOR SEM
LIFJELL GRUNNEIGARLAG HEDDAL 1983
ISBN 82-991086-0-8
Teledølens Boktrykkeri, Notodden
(Klikk her for å lese ”Forordet” skrevet av Reidar Skår)
(Klikk her for å lese ”Innleinga”  av Halvor Sem)

Segna om hr. Svein…

Segner og soger

Anne O. Moen fortel:

Til Gavlesjå rømde presten hr. Svein for å sleppe unna pesten «Den stor mannedauen». Segna seier at han hadde det godt i sitt einebuarliv. Sokneborna hans bar opp til han matsendingar med smør, ost og brød — kjøt helt han seg sjølv med, med å gå på jakt i fjellet. Dei som kom med mat til han, gjekk ikkje heilt fram til stulen der han budde med sendingane, men sette dei på ein stein austanfor. Den kallast den dag i dag for sendingssteinen. I ei trå, fruktbar jordflekk, i kanten av Blåur, planta hr. Svein seg ein hage. Når han ikkje farta ikring i fjellet med sin pil og boge eller han las i bøkene sine, fordreiv han tida med å stelle trea, buskene og plantene sine. Dei som har vore i Gavlesjåtråo, eller hr. Sveins hage, seier at det finst forkrøbla urter som minner om tamme bærbusker.

Men pesten innhenta og til slutt hr. Svein. Da dei som bar mat til han, ein dag kom til steinen, var sendinga ikkje henta. Dei visste med ein gong kva det tydde. Dei gjekk fram til stulsbua og fann hr. Svein liggjande død, på eit lægje av dyreskinn, svart og fæl i andletet. Lagnaden hans blei den same som for flesteparten av sokneborna hans. Høgt oppe i lia mot Slettefjell ligg nokre store steinar ved sida av kvarandre, som er dekt med kvit mose og skil seg difor ut frå omgivnadene. Det skal etter segna vera gravstaden til hr. Svein. Den har frå gammalt av blitt kalla Sveins røys, seier Anne O. Moen. Steinane er store og markerte i terrenget. På Gavlesjåstulen fanst det for mange år sida ei steinhelle som det var hogd runer inn i. Kanskje det var hr. Svein som hadde hogd desse runene?

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *