Internt referansenummer: 16.11.10 – A
Kilde:
LIFJELL I FARNE TIDER
Ei kulturhistorisk bok i samband med 20 års jubileet for Lifjell grunneigarlag
Av: HALVOR SEM
LIFJELL GRUNNEIGARLAG HEDDAL 1983
ISBN 82-991086-0-8
Teledølens Boktrykkeri, Notodden
(Klikk her for å lese ”Forordet” skrevet av Reidar Skår)
(Klikk her for å lese ”Innleinga”  av Halvor Sem)

Segna om Reskjemannen og Mølåsmannen

Segner og soger

Anne O. Moen fortel:

Grensa mellom eigedomane Mølås og Reskjem skal ha blitt til på fylgjande måte etter segna: «Den gong Reskjem blei frådeila Mølås, blei dei ikkje samde om deilene. Så gjorde dei det slik at dei skulle gå heimanfrå på eit visst tidspunkt i ei viss retning til dei møttest. Der dei møttest skulle deilene mellom dei to eigedomane vera. Dei møttest ved ein stad som heiter Kloppmyr. Da sa Reskjemmannen: Du har reist tidleg heimanfrå! Mølåsmannen blei eitrande sint og slo i hel Res¬kjemmannen. Etter ugjerninga blei Mølåsmannen dømt fredlaus og måtte rømme ut i villmarka. Han slo seg ned i holet ved Damtjønn. Det vart etter det kalla Damtjønnstugo. Der levde Mølåsen til han døde. Reskjemmannen skal ha blitt gravlagd i kanten av Kloppmyr».

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *