Internt referansenummer:B-000021
Kilde:
ATTERLJOM
Folkeminne frå smådalane kring Lindesnes
Av: Tore Bergstøl
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 82
OSLO 1959
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å se liste over forteljarar som har bidratt til boka Atterljom

Segner

Kråga frå Spangereid


Inne i Svennevig i Spangereid er det ein haug dei kallar Aslaug-Haugen. Tett med er det ei vik som dei kallar Gullviga. Der blei ei gjenta som heitte Aslaug og ei gullharpa funnen av ein kråmkar, som heitte Himer. Han tok då med seg både Aslaug og gullharpa på reisene sine. Omsider kom han til Njerve, til eit par folk som heitte Åge og Grima. Dei drap då Himer for å få pengan som han nok hadde mange av.

Aslaug blei då verande der hos Åge og Grima, men dei kalla henne Kråga.

Ein dag gjekk ho borte ved Krågebekken og gjætte geitene. Så kom Ragnar Lodbrok seilande inn på Remefjorden. Han såg då denne gjenta som gjekk der og gjætte og spurde om ho ville koma ombord. Men ho måtte ikkje koma om dagen og ikkje om natta – ikkje klædd og ikkje naken – ikkje
sulten og ikkje mett – ikkje køyrande og ikkje ridande – ikkje gåande og ikkje akande – ikkje med fylgje og ikkje – utan fylgje.

Ho kom då i skymringa tidlig om morgonen med eit aure-net over seg og håret fram, og så hadde ho ete eit bygg-korn, og så reid ho på ein bukk så beina skrubba i jorda, og så hadde ho med seg ein hund.

Ragnar Lodbrok undra seg svært over kor klok ho hadde vore, og ho blei med han og blei dronninga hans.

Då Åge såg at ho gjekk ombord, heiter det at den gamle mannen sprang og ropte etter Kragelill.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *