Internt referansenummer:B-000021
Kilde:
ATTERLJOM
Folkeminne frå smådalane kring Lindesnes
Av: Tore Bergstøl
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 82
OSLO 1959
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å se liste over forteljarar som har bidratt til boka Atterljom

Segner

Skomagerkniben


Ved Erse i Sør-Audnedal er det eit høgt bratt fjell på vestsida av dalen. På toppen er det ein noko høg bratt spiss.

Ein gong var det ein skomaken som hadde gjort noko gale, og til straff skulle han sitta oppå den spissen og lappa eit par sko, men han måtte ikkje missa ned noko av det han arbeidde med.

Då han var mest ferdig, miste han sylen og treiv etter den, og så miste han likevekta og datt ned og slo seg i hel.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *