Internt referansenummer:B-000021
Kilde:
ATTERLJOM
Folkeminne frå smådalane kring Lindesnes
Av: Tore Bergstøl
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 82
OSLO 1959
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å se liste over forteljarar som har bidratt til boka Atterljom

Segner

Toddasprangje


Ein gong hadde Todda i Lian vore på Akland og stole ei halv tønna med salt. Aklandsfolk hadde set svipten av Todda då han for avgarde med saltbyrda. Dei sette då etter og ville ringa han inne imot Liansbekken. Todda søkte mot eit djupt gjel som bekken renn igjenom. Der tok han fart og hoppa over med salthita på ryggen. Dei som kom etter, tore ikkje hoppa over sjøl om dei ikkje hadde noko på ryggen.

Dette gjelet har seinare vore kalla Toddasprangje.

Denne same Todda hadde samla ihop så mange pengar at han hadde ein heil fjerding full. Den hadde han gøymt i Reufjéddurå, just nedanfor Liansbekken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *