Internt referansenummer:B-000021
Kilde:
ATTERLJOM
Folkeminne frå smådalane kring Lindesnes
Av: Tore Bergstøl
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 82
OSLO 1959
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å se liste over forteljarar som har bidratt til boka Atterljom

Segner


Varulv


På Vassland i Kvås var det eit par folk som ein sommar var i heia og slo. Då dei ut på dagen hadde fenge ihop nokre byrder rundt stakkestonga, sette dei seg og skulle eta. Men så kom dei til å falla ut og sat og skjendest.

Om ei stund reiste mannen seg og gjekk ifrå henne, men først sa han til kjerringa:

«Dersom dæ sku koma nogenslags ting, så må du røyma på stakkjen å ta rivå med deg.»

Ho sat ei stund og trudde bare at mannen var av eit ærend for seg sjøl.

Om eit bel kom det ein skrubb med gapande kjeften imot henne så ho måtte på stakken og sto der og slo ifrå seg med riva. Ho vrålte og skreik på mannen, men ingen korn. Skrubben blei verre og verre og ågjekk henne så hardt at han fekk tak i pilsefallen (skjørtefallen) og fekk rive av eit stykke. Då strauk han att.

I mote kvelden laut ho ta på heimvegen kor mannen var. Eit stykke opp for husa var det ein kalvehage. Der hadde dei ein kalv gåande. Då ho kom forbi der, fekk ho sett at kalven låg ihelriven og halveten.

Då ho så kom inn, låg mannen i senga og var sjuk. Så måtte ho ut og sjå å få kjura inn krettoret aleine, og det blei langt på natt før ho var ferdig.

Då ho kom inn att, var mannen ennå kleinar. Ho måtte då leggja seg innår med veggen. Ut på notta måtte mannen til å kasta opp.

Om morgonen då kona skulle fram, fekk ho sjå koss det såg ut på tilet. Der låg det kalveklauver og kalvehår — og pilsefallen. Då skjønte ho kva slags mann ho hadde. Det var varulv.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *