Internt referansenummer:B-000014
Kilde:
GAMALT FRAA TELEMORK
Av: Chr. Gunnhejm
Skien 1915 Erik St. Nilssens bokhandel

Segni um Borgi ”Storehaug”

Mølaasmannen og Rekheimsmannen

(Fortald meg av A. Sollid med loyve til prenting)


Det var eingong i gamal tid at der paa Mølaas i Heddal budde ein girug, gnisk og knipen mann. Han flutte enddaa deildi sa's det og gjorde mykje urett, men var so megtug at ingen torde settja seg upp imot honom. Ei kjempa og slaastbikja var han og. Mannen paa Reksheim var den einaste som vaaga seg til aa taka att med honom, og daa dei so aa segja var grannar og, daa skogarne deira støyte mot kvarandre eit langt stykkje, so var det jamt tvist og ugreida millom dei.

Eit stykje ovanum Reksheim heiter Koppsmyr stod eit uvanleg stort og vent mastetre. Dette treet var vidtspurd, daa det stod nett der vegen millom Bøherad, Heiddal og Hjartdal gjekk, og Kloppmyrfuro var det største og fagraste tre'e paa heile heidi. Um denne furuen helt Mølaasmannen og Reiksheimsmannen mongei tretta, for deildi skulde vera der paalag og baae vilde eiga mastetreet, maatru.

So var det eingong dei møttest der ved furo, fauk so paa einannan og til aa slaast. Mølaasmannen fekk yvertaket og drap mannen fraa Reksheim, og grov honom so ned i kanten av myri ikkje langt fraa vegen. Han tekte godt yver med mose og lyng og laga det so at det ikkje var lett for nokon aa sjaa at der var grave. Men villdyri har god nas og dei fann gravi, ein graabein-flokk hadde ei nott kome og rive upp og fare aat, so der laag mannabein, haar og klædefillor spreid kringum alle stader. Folk som saag dette gissa no at det maatte vera Mølaasmannen som var mordaren. All urett og alle dei
skarvestykkje han hadde gjort vart no rota fram og lagde ihop, og so vart han dømd fredlaus aa vera. Blodhemnarane flokka seg saman, so vert det forheit for Mølaasmannen, han maatte røma og gøymde seg langt inne i vildaste skogen. Der gjeng eit djupt dalføre eller renna fraa Himing-fjellet nedyver mot Bøherad med ein væn skogdal, elv og fleire vatn, dei ligg som perlor paa ei snor etterkvar-andre. Eingong har det truleg vore nokre heid-garar der øvst i dalen, daa der enno syner etter mange sæter-bøar, og likeins er der ein gamal ”borg” uppe paa grensa imot Mølaasskogen. Borgi heiter Storehaug, og er der sturtbratt ut imot dalen kvar ho ligg, men paa dei andre sidorne hev der vore mur. Steinarne ligg der enno i mengd, so det ikkje er til aa ta feil av at det har vore so. Hitfraa og utyver dalen breider Mølaasskogen seg paa tvo kantar vidt utyver og har vist i gamle dagar vore nokso vill og myrk. Langt inne i skogen i sud paa solsida altso er eit bratt fjell og uppe i det ei hola eller grotte ikkje ulik Mikkals-kyrkja ved Nord-sjaa. Det er vont koma upp til denne hola, men min forteljar A. S. kravla seg daa ditupp eingong som gutunge. Det var ikkje so endetil, for jamnsidest ved hola hang der enddaa-til eit ørnereir. Gutungen gav inkje tapt, men naadde hola og kom inn. Han mæle ho med føterne og var ho umlag 16 føter lang og 10 føter breid. Der var eit vent flatt golv med sand. Etter segni skal rømlingen ha halde seg i dette bergholet i lang tid. Hola var vel dengongen ukjend daa det er vont aa sjaa ho fraa lidi nedanunder. Lett vilde han og her kunna verja seg um han var uppen-daga. Inkje noken veit korlenge han heldt til her eller korleids det sidan gjekk honom.

Men segni segjer at maste-treet sidan vert lagd yver myri til klopp eller bru for dei som vilde ganga yver og det er vonleg at ein ennu kunne finna ho der i myri um ein tok til aa grava, daa slike malmfuror kan halda seg i mose-myrar i hundrader, kanskje tusunder av aar – som kjend.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *