Internt referansenummer: B – 12.04.2016
Kilde:
LIV OG LAGNAD
FOLKEMINNE FRÅ SØR-ODAL
Av:MAGNE ALTROM
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 48
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG)
1942
Prenta hos Johansen & Nielsen — Oslo.
Klikk her for å lese ”Føreord”

Seks geiter for ei ku

Bestemor satt og mjølka ein gong. Da kom tussen til a og sa: Den kua må du fløtta, for ho miger på bordahynnet til bror min. Det vart gjort, for de torde ikke anna enn gjera som tussen ville.

Så gikk det bra ei viku. Men neste torsdagen kom tussen og sa til jenta som mjølka: Tore Ru(d), seks geiter å få att for ei ku!

Ingen ting vart gjort. Men neste torsdagen att kom tussen og sa det samma. Da vart jenta redd og sa ho skulle ta ved tilbodet.

Dagen etter da ho kom på fjøset, var kua vekk, men det sto seks geiter og ein diger bukk der.

(O. A. Finholt)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.