Internt referansenummer: 07.08.2013 – BOK
Kilde:
Fotefar frå folk føre
AV SAMUEL GYSLAND
Med teinkingar av ODD R. JØRGENSEN
Kvina Trykk, 4480 KVINESDAL
1992
Klikk her for å lesa ”Føreordet”
Klikk her for å høyra Samuel Gysland fortelja om boka «Fotefar frå folk føre»
Lydfilane er henta frå Radio Lyngdal

 

Separatoragentar og anna folk

 

I min barndom var det lite skilnad på stand og stilling mellom bygdefolk. Tenestefolka var like velsett og akta som husbondsfolka. Men det stod nå likevel ein ekstra glans av lærdomen — og rikdomen — om han fanst. I bygda var der bare to fruer. Det var prestefrua og dokterfrua. Var det tale om «Fruå» med stor F og i eintal, så var det likevel prestefrua det galdt. Dei andre kvinnene var anten kåner eller jenter — gamle eller unge, og det godtok dei, stort sett.

Ein av jamnaldringane mine blei spurt om kva han ville bli når han blei stor. Han ville bli turist. Det syntest vere eit greit yrke. Her var ikkje så tjukt på av den slagen, men dei som fanst, såg velnøgde ut. Dei hadde mange tider bil, stor mage og stor familie.

Så var det alle dei einslige luffarane som bar kofferten med det rare i på ein stav over aksla. Såper, kammar, brevpapir, speglar og kante-band i ei herlig, velluktande blanding. Mange tider blei det handel, og av og til fekk dei bytta til seg eit matmål. Dei fleste av desse var arbeidslause, sa dei. Det var ikkje mange som missunte luffarane, nei. Men agent. Det var andre bollar.

Folk humra og lo når dei fortalde om ein slagferdig mann på Kvås som fekk besøk av ein pratesjuk separatoragent. All propaganda for kjøp av separator prella av på Kvås-mannen, og då han blei lei av maset svara han: «Æg he kje blitt galen ennå, men bli æg dæ, ska æg seia te». Dei kunne rundprate folk, desse karane. Det er vel ingen garanti for at det er sant, men det blei fortalt om ein agent som fekk separator til ein eldre ungkar med bare ei ku. Då tida kom at pengane måtte ut, laut mannen selje kua for å få betalt separatoren.

Ein kveld kom separatoragenten til oss og. Det er vel lite trulig at det var den same som hadde vore på Kvås. Men prate kunne han, sjølv om det var litt famlande etter orda av og til. Å handle og prute tar si tid, så det var langt på kvelden kome då kjøpekontrakta kunne skrivast under. Ergo laut agenten overnatte hos oss. Han var frå Laudal. Eg var både liten og forviten, så han tok opp eit ”Illustrert Familieblad” frå agentveska og las opp eit uforgløymande stykke. Det handla om ein mann som hadde slik ei god venninne. Namnet har eg gløymt. Ho var med i mest alt som hende han i lange tider, og dei tyktest ha det så gildt saman. Så blei han lei av maset og gnålet hennar, og svinga ho mot fjøsmuren etter bakføtene. Det hadde altså heile tida vore tale om ein katt. Å for eit sjokk.

Som før fortalt, så hadde agenten ei veske. Rundt denne var der ei lerreim med spenne. Eg kunne aldri sjå meg mett på denne reima. «Den får eg sikkert før han reiser i morgon», tenkte eg. Morgonen kom. Agenten pakka veska, sa takk for seg, la veska med reim, spenne og heile stasen på sykkelen og reiste sin veg. Den som stod att med saknet, sorga og lang nase, det var eg.

Etter ei stund kom separatoren. Han var både fin og god og song både morgonsong og kveldsong for oss i over 20 år. Eg vil tru tonen på kveldssongen var litt kvassare den kvelden ein annan agent hadde vore inne og sagt mindre gode ord, då der var komen ein ukjent «Domo» der var etter hans og andre kloke folks skjønn burde ha stade ein «Alfa Laval».

Ein vinterdag kom der dumpande ein annen agent inn i stova. Han tinga vekk plogar og harver. Far hadde bruk for ei fjørharv og pruta på prisen. Så kom dei til eit punkt der agenten ikkje kunne eller ville gå lenger ned. Då tok far innersvingen på han: «Dersom du fekk nå pengan fiks kontant», sa han. Jau, det var nå svære greier, syntest agenten og slo endå av litt på prisen. Handel blei det, og pengane skifte eigar. Fjørharva er ennå til. Nå har ho runna dei 60, og er ikkje så vakker som i ungdomen, men det kan nå heller ingen vente.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *