Kilde:
FOLKEMINNE FRÅ YTRE SENJA
Arthur Brox
Illustrert av Karl Erik Harr
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 117
UNIVERSITETSFORLAGET 1976
ISBN 82-00-27130-7

Seterdrift

Det var ikkje vanleg med seterdrift i Ytre Senja. Berre på dei staden der garden låg slik til at ein måtte føre dyra bort for å få full nytte av sommarbeitet, kunne det bli tale om å ha seter.
«Den gamle lensmannsgarden Haugen i Torsken hadde seter i Osteren, og der inne budde familien i sommartida. Buskapen på Haugen var på 6-8 melkekyr forutan kviger, okse, hest og ein masse småkrettur.

På grunn av bjørneplaga hadde dei sauene i grinder om nettene. For å skremme bjørnen, var det vanleg skikk at dei yngre, både gutar og jenter, gjekk rundt på setervollen og blåste i lur kvar kveld og laga all den ulyd dei kunne for å halde udyra vekke.»
(Borghild Utvik)

Garden Vikan hadde seter i Giska i åra 1910-20. Dei hadde hus der inne, og eit par av jentene budde der og passa krøttera om sommaren.

Det var også seterdrift i fiskeværet Medfjord. «Ein av gardmennene hadde seter inne i Dalen kring 1900 og utetter. Det var både stue, fjøs og høylade der. Familien heldt seg på setra om sommaren. Dei selde rømmekolle til folk frå været, slo i liene kring setervollen og drog høyet heim på vinterføre.»

Når dei reiste frå setra om hausten, dekte dei bordet, så hulderfolket ikkje skulle finne det matlaust når dei flytta inn, blir det fortalt. Sjå elles Berg og Torsken bygdebok bd. I s. 36.
Når det gjeid seterdrift i Ytre Senja, kan ein også nemne at fleire gardar hadde sommarfjøsar på andre sida av fjorden og rodde over og melka morgon og kveld. Slik var det i Torsken, Sifjord og Gryllefjord.

I Sifjord hadde dei frå gammalt av den skikken at dei førte dyra over til sørsida når landet på nordsida var avbeita. Det stod ei rekke fjøsar der, og den gamle setervollen biir enno kalt Stølen. Kvinnfolka skipa seg samav og rodde over og melka morgon og kveld.

«Vi hadde sommarseter borte på Porkøyra i Torsken. Fjøsane der var bygd først i 90-åra. Det var Værneset og Bukta som hadde fjøsar der. Kvinnfolka rodde over morra og kveld. Mannfolka måtte vere med når det var sjøgang. Vi rydda stø der borte, og vi slo graset rundt fjøsane om sommaren.»
(Ingvard Markussen)

I de tilfeller at det ikke er noen stedsangivelse i historiene, legger jeg ut historiene i alle kommunene som dekker Senja, det vil si: Berg, Torsken, Tranøy og Lenvik.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *