Internt referansenummer: 01.10.2011 – BOK
Kilde:
DAGAR OG ÅR – SEGNER FRÅ SALTEN
Ragnvald Mo
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER NR. 37
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG) 1936
Klikk her for å lese ”fyreordet”.

 

Sevi-Birtar

Nei, dei var ikkje gode fiskar å koma ut for desse ronalappane når dei hadde fått pe til nokon, det skal vera visst. Men medkvart gjekk det no feil for dei òg.

Vi var fire saman som hadde gjort forlikt å reisa aust til Gellivare. So fekk vi med ein nord-lapp, han Sevi-Birtar, til los. For vi hadde ikkje fare den vegen nokon av oss før. Fyrste kvelden laut vi ta lægerplass på fjellet. Jaha. Vi drog ihopen bra ved og fekk upp bål.

Men på natta vart vi skilt med losen. Før det enno var ljost, tok vi til å halda etter skisporet hans. Det bar no fyrst i ein stor ring, so strake vegen aust. Vi etter. På nattmorgonen fekk vi sjå det skimra av ein varme, og vi forstod det var losen. Men innan vi var på halvvegen, sløkte han på og strauk. Vi held no ferda fram; og utpå dagen var vi i Killinge. Men nyss før var losen faren derifrå, og han hadde då fortalt at han var rømt ifrå nokre farkar, som hadde stole pengar av han; og han namngav meg som opmann. Men dette var no herre lygn. Eg fekk seinare vita kor det høvde til. Denne Birtar’n brukte ha samlag med ei dei kalla Tobakk-Ane; og ho var det som hadde teke av han pengar.

Ja, vi fekk no fylgje med folk frå Killinge, og lappen såg vi ikkje meir likt til.

Dette var på vinteren, som sagt. Um sumaren skulde eg ha støyten. Vi hadde just mjølka reinen ein kveld, og låg inni teltet og fekk oss kaffi. Då med eitt kom det ein falk drivande nedgjenam røykholet. So gjorde han nokre slag og sette seg på aksla mi. Eg visste so mykje eg let falken vera i maken; og då han hadde sete urlite, for han sin tur gjenom røyken, same vegen han var komen.

Dei eg var hos, sat inne i teltet i lag med og såg til denne spassasen; og kona ho sa: «Du ha inkj lang ti uleva no, Johan.» Men eg retta berre fram kaffikoppen, den var meir enn halv, og det visste eg var marke godt nok på det eg kom ikkje til å døy so snart.

«Ha enno lang leveti,» sa eg.

Andre dagen var det min tur å henta reinen til mjølkings. Eg var tidleg uppe. Alt med eg no sat med kaffien, kjendest det som eg ingen smak hadde. Eg tok mange munnar; men det minka ikkje i koppen. Og dentid eg nørde pipa, vart det på same måten; eg røykte og røykte, men ingen smak. Og tobakken vilde ikkje øydast i pipa. Eg strauk no i fjellet, samla reinen og tok til med mjølkinga. Men just på same viset som før på morgonen; eg hadde inga kjensle av det eg held på med. Eg kasta bandet over reinen, men kjende ikkje til bandet i handa. Då eg hadde att so ei 7-8 reiner, sa eg med kona, at eg kom til å reisa burt ein tur, so ho laut leggja mat i hita.

Eg hadde ein stansarstad hos han Johan Svenske; det var ein lapp som hadde slutta reinen og var buande i ei lita stue. Ja, eg kom ,ditett; og det fyrste han spurde etter, var um eg hadde fått meg reisekamerat.

«Inkje andre enn hunden, å so Vårherre, da e veit,» gav eg til svar.
«Ha daumannskrei. Berre tre daga att å lev,» sa han.

Ja so, tenkte eg. Tok so eg til å spajer med han um dette, kor eg skulde bli av med fylgjet mitt. Det laut bli liv mot liv, det sa han. Men noko meir fekk eg ikkje å vita hos han. Og so illa som dette var, laut eg berre ta på vegen baker.

Kven som hjelpte meg over den gongen, det veit eg ikkje å gje deg svar på. Men fjerde morgonen eg vakna, var eg so frisk og lett som hjorten; og har vore det til denne dag. So han Sevi-Birtar kom til for kort med reknskapen sin den gongen (Ballangen).

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *