Kilde
Farne tider (Utgitt første gang i 1923)
Av Magnus Breilid
Mandal 1971
Frithjof Salvesens Trykkeri

SIGMUND NERSTØL

Sigmund Nerstøl var ein spretten og glup gut frå Eiken. Han var glad i Kari Tveiten. Ho var både rik og fager, men brydde seg ikkje det slag om Sigmund. Så rusla Sigmund til ein trollmann ut med Mandal og bad om råd. Trollmannen lova å laga det så at han fekk jenta, men han ville ha fem dalar for det, og 2 1/2 dalar skulle betalast med same. Resten kunne det vera med til etter bryllaupet.

Sigmund for så heim att, og der møter han Kari. Dei blei trulova på ståande flekken, og straks etter gifta dei seg.

Så kom trollmannen til Eiken og bad etter resten av løna, men nå ville ikkje Sigmund betala. Han hadde nok fenge jenta utan trollkunster, sa han. Men då blei trollmannen arg og sa:

– Nå skal eg laga det slik at de blir fattige som lusa. Og såleis blei det. Dei sveiv og sleit i armoda så lenge dei levde.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *